DEBATT

Iren Luther, leder for yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Ambulansetenesta må ikkje gå i profesjonskampfella

– Lat oss slå fast at ambulansearbeidaren er kome for å bli, og jobbe saman for gode tenester, heller enn å snakke kvarandre ned, skriv Iren Luther, leiar av yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.

Det er med ei viss uro at eg høyrer frå medlemmar som er uroa over om kompetansen deira framleis er verdt noko, og vil bli sett pris på i ambulansetenesta i åra som kjem. Det er litt som eit gufs frå fortida.

Me må ikkje gå i fella og tru at fordi me har utdanning på eit anna nivå så er me betre enn andre, eller at ei anna kompetanse enn vår eigen ikkje er verdt noko.

Lat oss slå fast, ein gang for alle, at ambulansearbeidaren er kome for å bli. Utan dei hadde me ikkje hatt ei ambulanseteneste. Truleg heller ingen paramedisinar-utdanning, for den del.

Eg skal vere krystallklar på vegne av Fagforbundet: Me heier på ambulansearbeidarane

Iren Luther

Det skal ikkje vere nokon tvil om dette. At ambulansearbeidarar tek kontakt og er uroa om dette betyr at ein på eit eller anna nivå har svikta. Her må arbeidsgjevarane kjenne si besøkstid og vere krystallklare, både ovanfor sine tilsette, men òg ovanfor samfunnet.

Regjeringa snakkar om eit fagarbeidarløft i helsetenesta. Dei snakkar om betre høve til etter- og vidareutdanning for fagarbeidarar. Då kan me ikkje ha ei gruppe fagarbeidarar som sit med inntrykket av at dei ikkje lenger er ynskja.

Eg skal vere krystallklar på vegne av Fagforbundet: me heier på ambulansearbeidarane, og skal jobbe for dykkar plass i tenesta – og dykkar løns- og arbeidsforhold. Framtidas ambulanseteneste får me berre til viss me, ambulansearbeidarar, paramedisinarar, sjukepleiarar og andre, jobbar saman. Då må me respektere kvarandre og anerkjenne kompetansen til våre kollegar. Ikkje snakke kvarandre ned.

Powered by Labrador CMS