Hopp til hovedinnhold


Vurderer å granske ambulansedrift

Arbeidstilsynet vurderer å føre tilsyn med ambulansetenesta Falck Emergency. Tilsette skal ha arbeidd overtid utan å få overtidsbetaling.

Arbeidstilsynet vurderer å føre tilsyn med ambulansetenesta Falck Emergency. Tilsette skal ha arbeidd overtid utan å få overtidsbetaling, skriv NRK Møre og Romsdal.

Tilsynsleiar i Arbeidstilsynet Midt-Noreg, Jan Erik Rinnan, stadfester overfor NRK at dei no vurderer å føre tilsyn hos Falck Emergency.

Sist fredag varsla Falck Emergency at dei skulle rydde opp i eigne rekkjer. Dei tilsette fekk informasjon om nye turnusar. Auka bemanning skal setje stoppar for ordninga med ekstravakter utan tilleggsbetaling

– Vi har hatt ein omdiskutert metode, der det er stilt spørsmål ved det juridiske. Difor har vi valt å avslutte denne metoden umiddelbart, sa ambulansedirektør Rolf Thomas Sevendal til NRK Møre og Romsdal fredag.

Helse Midt-Noreg er i ferd med å vurdere ambulansetenesta på nytt. I dette arbeidet kjem dei til å stille strenge krav til korleis tilbydarane etterlever arbeidsmiljølova.

Stor ambulanseaktør

Falck Emergency er ein del av det nordisk baserte Falck-konsernet, som har hovudkontor i København. Dei hevdar at dei no er Europas største oparatør innan ambulanse- og pasienttransportar.

Utanom Noreg driv Falck Emergency ambulansar i Danmark, Sverige, Polen, Finland, Belgia og Slovakia. Dei har over 1000 ambulansar, over 250 ambulansestasjonar og 6000 tilsette.

Les meir om saka hjå NRK