Hopp til hovedinnhold
Foto: Universitetet i Stavanger


Utdanningsprisen gjekk til ny utdanning innanfor prehospital akuttmedisin

Prehospital klinikk og Klinikk psykisk helsevern vaksne, Stavanger universitetssjukehus og Universitetet i Stavanger får Utdanningsprisen i Helse Vest for 2021.

Prisen får dei for sitt fleirårige samarbeid for å for å opprette ei utdanning retta mot prehospital akuttmedisin, skriver Helse Vest på sine nettsider.

Olav Østebø og Frode Bremseth ved Stavanger universitetssjukehus tok imot prisen saman med Stephen Sollid, Universitetet i Stavanger.

Nina Vatland frå Universitetet i Stavanger var med i gruppa som fekk prisen, men ho var ikkje til stades under tildelinga.

– Vi er veldig glade for vi får prisen som ei gruppe. Dette er teamarbeid som over fleire år har bygd seg opp, slik at faget er kome inn som utdanning på universitet.

Jobben er eit resultat av god samhandling, seier beredskapskoordinator Olav Østebø, som tok i mot prisen saman med dei andre i gruppa.

– Det er ei stor ære og veldig kjekt at dette blir pris og at vi kan bruke prisen som motivasjon for vidare arbeid.

Dette blir lagt merke til for dei som har ansvaret i Helse Vest og som del av spesialisthelsetenesta, seier Østebø.

Master in Prehospital Critical Care​​​​

– No er det utarbeidd ei nasjonal forskrift for bachelorutdanning i paramedisin, og studieprogrammet blir tilbode blant anna på Universitetet i Stavanger, saman med det internasjonale studieprogrammet Master in Prehospital Critical Care.

Dette komplekse samarbeidet mellom Universitet og helseteneste bidreg til kvalitet og relevans i utdanningstilboda gjennom kombinerte stillingar, felles simuleringsaktiviteter og erfarings- og læringsoverføring mellom forskjellige utdanningar.

Utdanningstilbod vil også fremme kvaliteten i tenestene og bidra til auka forsking innanfor prehospital akuttmedisin", skriv juryen blant anna i si grunngiving.

Inger Cathrine Bryne, administrerande diretør i Helse Vest, delte ut prisane til ​vinnarene, som får 100.000 til vidare arbeid, blomar og eit kunstverk.

Prisen skulle ha vore delte ut på den årlege Utdanningskonferansen i Helse Vest, som blei avlyst på grunn av smittesituasjonen.

Det er eit behov for auka kompetanse i dei prehospitale tenestene. Behandlinga av pasientene startar ikkje lenger når pasienten kjem til akuttmottaka, men av ambulansepersonell heime hos pasienten.

Dette fører til eit heilt anna behov for kunnskap, sa Bryne under tildelinga.

Nyskapande arbeid​​​

Juryen har spesielt lagt vekt på det nyskapande arbeidet som er gjort av tilsette knytte til psykiatriambulansen, i samarbeid med tilsette ved Universitetet i Stavanger:

Simuleringsverktøyet der ein ved bruk av ny teknologi som VR-briller, kan trene på transport av psykisk sjuke og på vald og trusselhendingar.

Vold og trugslar representerer ei auka utfordring for tilsette i spesialisthelsetenesta og denne forma for kompetansehevande tiltak vil kunne bidra til betre pasientbehandling og ein tryggare arbeidssituasjon.

Simuleringsverktøyet kan enkelt delast med andre helseføretak, ambulansetenester og universitet til bruk for kompetanseheving, trening og utdanning.

Les heile saken på Helse Vest sine nettsider.