Hopp til hovedinnhold


Surnadal protesterer

Eit utval i Helse Midt-Norge ber styret vurdere reduksjonar av ambulansetilbodet i mellom anna Surnadal. Det protesterer kommunen mot.

Eit utval i Helse Midt-Norge ber styret vurdere reduksjonar av ambulansetilbodet i mellom anna Surnadal. Det protesterer kommunen mot, skriv Driva.


Styret skal behandle saka torsdag, men da berre for å sjå på utgreiinga som er gjort og eventuelt sende den vidare ut på høring blant kommunane. Så ein kan trygt seie Surnadal kommune sitt "høringssvar" kjem tidleg.

Ordførar Mons Otnes har tysdag sendt eit brev til direktør Gunnar Bovim i Helse Midt og vi siterer:

"Vi er gjort kjent med styret i Helse Midt-Norge torsdag 3. februar skal avgjere om ein plan om det framtidige ambulansetilbodet i regionen skal leggast ut på høyring. Etter det vi har grunn til å forstå ligg det i forslaget at éin døgnambulanse i Surnadal kommune skal gjerast om til dagambulanse 7 dagar i veka. Om innstillinga til utvalet skulle blir følgd vil vår kommune berre ha éin ambulanse på vakt mellom kl. 1800 og 0800.

For innbyggarane i kommunen er det betryggjande at ambulansetenesta er så bra som den er i dag, og det er avgjerande for oss at den framleis blir på dette nivået. Med tanke på avstandane i kommunen og til sjukehus er tid og kompetanse viktig.

Frå nyttår har kommunen inngått nytt legevaktsamarbeid med Orkdalsregionen. Eitt av argumenta for nytt legevaktsamarbeid var at vi hadde tilgang til dyktig ambulansepersonale. At vi no kan risikere å stå utan bakvakt halve døgnet vil derfor vere heilt uakseptabelt. Vi vil derfor sterkt rå ifrå at forslaget blir sendt ut på høyring slik det no ligg føre."

Les heile saka hjå Driva