Hopp til hovedinnhold


Skjerpar våpenkrav

Etter trippeldrapet i Årdal strammar politiet ytterlegare inn sine våpenrutinar. No får ingen utan våpengodkjenning vere i vaktberedskap, skriver NRK Sogn og Fjordane.
– Vi vil sikre at første politipatrulje på staden har våpengodkjenning, seier beredskapsdirektør Kaare Songstad i Politidirektoratet til NRK.no.

Hadde ikkje med seg våpen

Politiet i Sogn og Fjordane måtte tole krass etter trippeldrapet i Årdal i starten av november i fjor.
Tre personar var då drepne av ein asylsøkjar, og politiet kom ikkje fram før etter at drapsmannen var overmanna av personell frå ambulanse og brannvesen.
Kritikken mot politiet fekk ny kraft då det viste seg at den eine av dei to politibetjentane i patruljen som rykka ut, ikkje hadde løyve til å bere våpen. På grunn av dette hadde også den andre politimannen, som hadde våpengodkjenning, lagt att våpenet.
Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane sa etter hendinga at politimennene handla etter instruksen dei hadde fått av politidistriktet.
Kort tid etter trippeldrapet kom ei presisering frå Politidirektoratet.
Der presiserte dei at alle patruljer skal ha med seg våpen, sjølv om ikkje alle tenestemennene er godkjente for å bruke dei.

Får ikkje køyre patrulje

Tre månader seinare strammar politiet ytterlegare inn sine våpenrutinar. Frå hausten av kan ikkje lenger politibetjentar utan våpengodkjenning køyre patrulje.
– Det vi forsøker unngå er at første patrulje på staden ikkje er sett opp med våpengodkjent personell. Det er det dette handlar om, og det er det vi no får på plass, seier Songstad.

– Vil utfordre vaktkabalen

I Sogn og Fjordane er det til dømes 12 tilsette i politiet som ikkje har våpengodkjenning, såkalla IP5. Dermed får dei altså ikkje lenger lov til å køyre patrulje.
Les meir om saka hjå NRK