Hopp til hovedinnhold
Ambulanse. Illustrasjonsfoto: Live Oftedahl


Sjukehusberedskap under ekstremvêret

Fleire av sjukehusa i Trøndelag førebur seg på ekstremvêret «Gyda».

I Helse Nord-Trøndelag er dei opptekne av å sikre at naudnettet fungerer dersom telefonnettet er nede, skriv NRK.

– Vi har etablert ei gruppe som overvakar vêrsituasjonen. Det gjeld i hovudsak generell beredskap, ambulanse og AMK. Vi må samarbeide tett med kommunane som har naudnett.

Det kan bli aktuelt å stasjonere ambulansar tett opp til det kommunale tilbodet, opplyser kommunikasjonssjef Svein H. Karlsen.

Ved St. Olavs hospital fortel kommunikasjonsdirektør Marit Kvikne til NRK at dei følgjer situasjonen tett og sit i møte med Statsforvaltaren.