Hopp til hovedinnhold


Måtte ligge ute i 1,5 time og vente på ambulanse

Bussjåføren heldt henne varm med ein hårfønar medan postmannen leita etter telefondekning.

Bussjåføren heldt henne varm med ein hårfønar medan postmannen leita etter telefondekning, skriv Firda.

Fredag ettermiddag, for éi veke sidan, skulle 82 år gamle Mildrid Asperheim hente posten ved heimen nært Stongfjorden i Askvoll kommune. Då gjekk det gale. Ho fall på isen og braut lårhalsen. Eine armen vart stygt skadd. Men marerittet stoppa ikkje her.

Mannen Arne såg alt frå vindauget, men kunne lite gjere fordi ekteparet ikkje hadde telefondekning. Han fekk ikkje tilkalla hjelp, og er dårleg til beins. Det var ingen annan råd enn å vente på bussen. Han drog henne ned til vegen ved hjelp av den glatte regnkåpa. Slik kunne bussen sjå dei.

Det skulle gå 1,5 time i kulden for ho fekk legehjelp.

Skalv
– Eg skalv så eg rista, forten 82-åringen frå sjukehussenga i Førde.

Bussjåføren hadde tidlegare erfaring som ambulansesjåfør. Han visste råd.

Hårfønaren vart brukt til å varme henne opp, mens postmannen jakta etter telefondekning.

Les meir om saka hjå Firda