Hopp til hovedinnhold


Leitar etter nytt ambulansebygg

Fem interessentar møtte opp då kommunen og Helse Fonna informerte om ønska for ei ny base for ambulansetenesta, skriv Ryfylke.

– Eg rekna med at det ville komma eit par, men så kom det fem. Det er spennande, seier Andreas Fløgstad, kommunalsjef i Sauda kommune.

Informasjonsmøtet i kommunestyresalen tysdag føremiddag vitna om at fleire lokale næringsaktørar kan vera interesserte i å ha ambulansestasjonen til Helse Fonna som leigetakar. Helse Fonna, som i dag leiger ein del av sine loka for omlag 1 400 kroner per kvadratmeter, ønsker å leiga opptil 300 kvadratmeter i eitt bygg og ser føre seg ein leigekontrakt på heile 15 år, pluss mulege opsjonar.

– Ønsket er at me kan flytta inn i nye lokal i løpet av 2015, men så lenge det er god framdrift og me veit at me går mot ei god løysing, kan me nok strekka oss litt til ut i 2016 også, seier Helse Fonna sin seksjonssjef på eigedom, Vidar Støyva.

Den lokale ambulansestasjonen ligg i dag på sjukehustomta i Åbøbyen der dei sju tilsette disponerer den snart seksti år gamle vaktmeisterleiligheten.

Les meir om saka hjå Ryfylke