Hopp til hovedinnhold


Innrømte sal av «barbiedop»

I retten innrømte ambulansearbeidaren i 40-åra å ha seld sjølvbruningsmiddelet melanotan til fleire hundre kundar over heile Norge, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Ekspertar meiner at det såkalla «barbiedopet» kan vere kreftframkallande og direkte livsfarleg.
Sidan den spede starten i USA på 80-talet, har «barbiedop» spreidd seg rundt heile verda. Særleg har stoffet vore populært blant unge jenter.
– Eg innrømmer at eg selde stoffet, men det var saman med andre, sa mannen i retten og synte til at han hadde drive aktiviteten saman med si dåverande kone og ein kamerat.
Ifølgje tiltalen dreiv han storstila sal av «barbiedop» frå 2007 til 2011, trass at han i 2008 vart åtvara mot dette i eit brev frå Statens legemiddelverk.
Les meir om saka hjå NRK