Hopp til hovedinnhold


Her øver lærlingane på marerittet

FØRDE (NRK): Deformerte bilvrak, farleg last, hardt skadde, bevistlause, omkomne eller krakilske personar. Det gjeld å halde hovudet kaldt når ein kjem først til ein ulukkesstad, fortel NRK Førde.
Og det var nettopp dette 13 skandinaviske transportlærlingar og naudetatar øvde på i Førde i dag.
Tidlegare i veka hadde lærlingane om førstehjelp. No skulle det setjast ut i praksis. Med god hjelp frå ambulansefagarbeidarar ved Mo og Øyrane vgs.
– Det blir diverre øvd alt for lite på slike ting. Eg har opplevd å komme til ein ulukkesstad sjølv, og det er forferdeleg, seier dagleg leiar Rune Apneseth ved Opplæringskontoret for transport og logistikk.

– Skremmande

Det kan skje kven som helst og når som helst. Og ei ulukke er aldri lik den neste. Det å komme først til ein ulukkesstad er både krevjande og utfordrande. Det gjeld å halde hovudet kaldt.
Vilde Sæther (17) frå Hyen er inne i sitt første år som lærling hos Transferd. Draumen hennar er å sitje bak rattet på ein lastebil. Ho meiner dei fire «ulukkene» bak Concord-bygget på Øyrane var lærerike.
– Kjem vi opp i noko slikt i verkelegheita, så er det greitt å ha litt erfaring. Sjølv om vi veit at dette ikkje skjer på ekte, så prøver vi å gjere det så realistisk som mogleg. Det er skremmande at vi kan møte på slikt, seier ho. 
Les mer om saken hos NRK