Hopp til hovedinnhold


Gamle-brannbilen til Gulen på museum

Brannbilen var i drift fram til oktober 2013. No har den hamna på museum i Oslo, melder Nordhordland.
– Den gamle brannbilen i Eivindvik var blitt over 30 år gamal no. Sjølv om den aldri svikta oss, og framleis gjorde jobben, var den blitt for gamal. Veteranbilklubben i Oslo kom å henta den. Dei var heilt i ekstase. No står bilen på brannbilmuseum, seier Geir Haveland, avdelingsleiar for drift i Gulen kommune.
Torsdag køyrde han den nye brannbilen opp i Eivindvik sin nye barnehage, og der fekk spente ungar vera med på ein køyretur. Dei storkosa seg, og fekk prøva både vasslangen og sirener.

Større motor

Den nye brannbilen er av typen Mercedes-Benz Atego 822 F. Den er kjøpt av Egenes Brannteknikk i Flekkefjord, og vart kjøpt som heilt ny.
– Den har større motor, og går litt betre. Og så har den betre høgtrykksspyling. Elles er det ikkje så stor forskjell frå den gamle brannbilen, seier Haveland.
Les meir om saka og sjå bilete hjå Nordhordland