Hopp til hovedinnhold


Fryktar vinteren

Før jula ringer inn, er mange i Balestrand usikre på korleis vinteren blir utan eigen ambulanseberedskap, skriv Sogn Avis.
– Eg tenkjer spesielt på dei eldre, seier Ken Heine Bakke, ein av dei som er utolmodig etter ei betring av akuttberedskapen.
Må endra
Kommunen har stått utan ambulanse i over fire månader og tre tilsynssaker har hamna på bordet til Fylkeslegen i løpet av perioden.
Sist veke konkluderte Fylkesmannen med at noverande ordning der ambulansestasjonen i Høyanger skal dekke behovet for ambulanse i Balestrand kommune, ikkje er i samsvar med forsvarlegkravet i spesialisthelsetenestelova.
I konklusjonen heiter det vidare at «Helse Førde må sikra at ambulansedekninga for Balestrand kommune til ei kvar tid er i samsvar med forsvarlegkravet. Det betyr at Helse Førde straks må få på plass løysingar som er forsvarlege».
Vil hjelpa
Bakke er ein innbyggjarane som har fått opplæring i akutthjelpar-ordning i regi av Helse Førde, for å inngå i eit forsterka førsteresponderteneste i kommunen. Han seier balestrendingane er interesserte i å bidra sjølve.
– Men no er den ordnininga på vent sidan Helse Førde ville gje rekninga til kommunen, seier han.
Bakke undrar seg også over bruken av ordet «straks» i formuleringa frå Fylkesmannen.
– Det burde stått ein ambulanse tilgjengeleg her no. Beredskapen har ikkje vore forsvarleg sidan ambulansen forsvann.
Les meir om saka hjå Sogn Avis