Hopp til hovedinnhold


Folkeaksjon for ambulanse

Dei har gått stille i dørene så langt, men no er er det slutt på tolmodet. Ei aksjonsgruppe er på plass og målet er å få ambulansen tilbake til Balestrand, melder Sogn Avis.
– Me er utrygge og krev at me igjen får eigen ambulanse stasjonert i bygda, seier Erland Fagermoen.
Står samla
Den tidlegare ordføraren og fylkespolitikaren for KrF kastar seg no inn i ambulansesaka i Balestrand med full tyngde. Han frontar aksjonsgruppa som er klare til å mobilisera innbyggjarane.
– Me vil arrangera eit folkemøte på Kviknes Hotel 8. april. Her får folk høve til å seia si meining og me vil på ulikt vis kasta nytt lys over saka. Dette er noko som engasjerer og me håper mange møter opp slik at me kan stå samla i denne viktige saka for kommunen, seier Erland Fagermoen.
Lenge utan
Balestrand har vore utan eigen ambulanse sidan 1. september i fjor. Dette har skapt mykje rabalder. Ambulansar frå nabokommunane har måtta stilla opp når folk i Balestrand treng hjelp. I over eit halvt år har denne ordninga blitt praktisert, med ulike røynsler.
Les meir om saka hjå Sogn Avis