Hopp til hovedinnhold


Florø får fast base

– Basen for redningshelikopter i Florø skal bli fast base for redningshelikopter, stadfestar statssekretær i Justisdepartementet, Hans J. Røsjorde, ifølge NRK Sogn og Fjordane.
Redningsbasen i Florø har sidan 2009 hatt status som mellombels base der mannskap og helikopter blir henta inn frå andre basar. Men i løpet av året vil vedtaket vere klart om å gjere basen fullverdig, på linje med Banak, Bodø, Ørland, Sola og Rygge.
Då får basen fast mannskap og helikopter. Røsjorde meiner det vil skje så snart dei 16 nye redningshelikoptra er på plass, det vil seie mellom 2017–2020.
– 2020 er det året der dei siste leveransane av nye helikopter skal vere på plass. Det vil alltid vere ei utfordring knytt til å få ei teneste operativ, så eg må vere litt varsam med å seie når Florø er inne på lik linje med dei andre basane, seier han.
Les mer om saken hos NRK