Hopp til hovedinnhold


Dobbelt så mange påskeoppdrag

Norsk Folkehjelp har hatt 40 oppdrag hittil i påsken - dobbelt så mange som dei tre siste åra. Aller mest skadar og sjukdom har det vore i Sirdal i Vest-Agder, skriv NRK.

Årsaka til det er det store hyttefeltet i kommunen.

– Sirdal får heile 30.000 innbyggarar ekstra i påska på grunn av hytteturistane. Det er som ein liten by som veks opp der. Me har rett og slett mange oppdrag der fordi det er mange folk der, fortel rådgjevar i Norsk Folkehjelp redning og beredskap Vegard Lindbekk.

I tillegg har organisasjonen vaktstasjon med ambulanske og snøskuter i Sirdal.

Halvert for Raudekrossen

I motsetnad til NF har Raudekrossen hatt under halvparten så mange oppdrag som i fjor: 166 aksjonar og 440 skadar i år mot 377 aksjonar og 980 skadar i løpet av påska 2013.

– Ei sein påske og varierande snømengder er grunnen til det, opplyser Ole Gladsø , landsrådsleiar for Raudekrossen hjelpekorps til NRK.

Tala går i ulike retningar fordi Raudekrossen også tel mindre alvorlege ting som sårstell. Norsk Folkehjelp tek berre AMK-oppdrag med i sin statistikk, dermed blir auken i oppdrag meir utslagsgjevande.

Det er dessutan oppretta ni nye redningsgrupper i NF i løpet av dei siste åra. Fleire av desse har hatt oppdrag i år.

Mindre leiting med god mobildekning

Både Raudekrossen og Norsk Folkehjelp rosar nordmenn i fjellet for god oppførsel og fokus på tryggleik. Betre mobildekning har dessutan letta jobben til dei frivillige.

– Me har nesten ikkje leiteaksjonar etter dei som skadar seg lenger. Me kan spora mobilar, folk kjem gjennom på mobil og varslar oss tidleg om skadar og sjukdom og får hjelp i staden for at nokon melder dei sakna. Det har absolutt letta arbeidet for oss.

Les meir om saka hjå NRK