Hopp til hovedinnhold


Avvist av lege - fekk hjartestans

Legen sa nei til at ambulansepersonellet skulle ta med alvorleg hjartesjuke Magnar Smørdal på sjukehus. Like etterpå fall han om med hjartestans, skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Hadde eg falle om 10–15 sekund seinare, så hadde eg vore åleine. Det er ikkje noko hyggjeleg tanke. Eg er ikkje så gammal, og vil gjerne leve nokre år til så eg får følgt opp barneborna mine, seier Smørdal til NRK.no.

62-åringen frå Nordfjordeid vart gjenoppliva og saka er no til behandling hos fylkeslegen.

– Rein flaks hindra at eg ikkje vart liggjande igjen og døy, seier han.

Var hos legen dagen før

Det var tidleg om morgonen den 9. oktober i fjor at Magnar Smørdal vakna med sterke smerter i brystet.

Dagen før hadde han vore hos legen med brystsmerter, men legen trudde smertene stamma frå magen, og han vart vist vidare til mageundersøking. Morgonen etter var derimot smertene så sterke at Smørdal forstod at noko var skikkeleg gale.

– Dei spurde meg om kva smerter eg hadde på ein skala frå ein til 10. Då svara eg ni. Eg hadde veldig sterke sviande, brennande smerter i brystet.

Smørdal ringde Eid legevakt og ambulanse var raskt på plass. Smørdal fortalde at han hadde det forferdeleg med sterke smerter i brystet og ville bli teken med til sjukehuset.

Legen bad ambulansepersonellet dra

Ambulansepersonellet tok kontakt med vakthavande lege på legevakta i Eid som på si side slo fast at Smørdal sjølv kunne ta kontakt med fastlegen sin etter klokka 9 på morgonen, dersom han framleis hadde symptom.

– Eg sa det til dei at dei ikkje måtte gå ifrå meg her åleine. Eg frykta det kunne vere ein blodpropp og tenkte på ein kompis av meg som no er død etter blodpropp og sat i rullestol i fleire år. Så eg frykta litt det same. Men legen ville ikkje legge meg inn, fortel 62-åringen.

Også AMK-sentralen i Helse Førde var involvert, og var i kontakt med legen som undersøkte Smørdal dagen før. Dei spurde om ambulansepersonellet skulle ta Smørdal med til legevakta i og med at dei likevel var på bupælen hans. Men også denne legen sa nei til at Smørdal skulle takast med. Smørdal reagerte sterkt på dette, men kunne ingenting gjere.

Fall om med hjartestans då dei var i døra

– I det eg reiste meg opp for å seie ha det, så stupte eg med full hjartestans, fortel nordfjordingen.

Ambulansepersonellet snudde i døra, og klarte å gjenopplive Smørdal.

Les meir om saka hjå NRK