Hopp til hovedinnhold


Kamp om ambulansebåt i Askvoll: Vatnet hadde gått, riene tok til. Helse Førde: – Ta ferja frå Værlandet

Helse Førde ville ikkje hente Wenche Leite Kalvøy med ambulansebåten då ho skulle til sjukehus for å føde sitt første barn.

Bulandet-kvinna fekk ei marerittreise ho aldri gløymer, skriv Firda (krev innlogging).

– Aldri meir på denne måten, seier Kalvøy.

Ho er ei av fleire bulendingar og værlendingar som fortel om slitsame, tidkrevjande og til dels dramatiske pasientreiser frå øyane vest i Askvoll – og der Helse Førde ikkje har vore villig til å transportere dei med ambulansebåten som låg ved kai i kommunesenteret.

– Vi har hatt ein ambulansebåt, men ikkje fått bruke han. Slik vi opplever det, har Helse Førde medvite halde bruken av båten nede. Deretter har dei vist til at båten blir mindre brukt, og nytta dette som argument for å avvikle han, seier Kalvøy og andre Firda har snakka med.

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde avviser at helseføretaket bevisst trappar ned bruken av båten.

– Vi kjenner oss ikkje att i denne påstanden. Helse Førde betalar ikkje stykkpris for turane, og det er ikkje lagt endra føringar for bruken. Nedgangen har andre årsaker, seier Sægrov.

Også sjefen for den interkommunale legevakta avviser påstanden frå øyfolket i Askvoll.

Den endelege avgjerda om avvikling skjedde i styret for Helse Førde i førre veke.

«Følte eg gjekk til offentleg skue»

Wenche Leite Kalvøys historie hende i februar 2017. Ho var høggravid og førstegongsfødande, og ringde fødeavdelinga ved Førde sentralsjukehus slik ho hadde fått beskjed om då vatnet gjekk i femtida om morgonen.

– Vi ønskte at ambulansebåten skulle hente meg. Svaret vi fekk var at sidan eg var førstegongsfødande, kunne eg lett vente til ferja gjekk frå Værlandet klokka åtte, fortel ho.

Kalvøy hugsar at ho kjende seg veldig utrygg. Det gjekk fem minutt mellom riene, og ho var så redd at ho skalv og spydde i bilen.

– Ferja køyrde fortare enn normalt for å unngå fødsel om bord. Då den nærma seg Askvoll ringde vi AMK og bad om helsepersonell, fordi vi følte at fødselen var nær, seier ho.

Då ferja la til kai i Askvoll hadde det gått fire timar sidan vatnet gjekk. Ambulanse og lege stod på kaia. Men fordi Kalvøy måtte flyttast over i ambulansen, fekk ingen andre bilar køyre av ferja før det hadde skjedd.

– Ferja var smekk full. Eg hadde lite klede på meg, og eg følte eg gjekk til offentleg skue over ferjedekket, i den tilstanden eg var i. Det var veldig ubehageleg. Fleire av dei som såg meg, har seinare sagt at det såg ut som nedkomsten kunne skje når som helst. Også medan vi var i ambulansen verka det som det kunne bli fødsel der og då, men den skjedde heldigvis ikkje før vi var framme i Førde. Der gjekk det slag i slag, seier ho, snart tre år etter at sonen Aksel kom til verda.

– Det gjekk bra til slutt, men vi opplevde turen som svært dramatisk, og vi gjer det ikkje igjen på denne måten. Vi har fått ein gut til. Då var vi i Førde ei veke før fødselen skjedde, fortel Wenche Leite Kalvøy.

Ambulansesjef Stian Sægrov seier det oftast er jordmor på fødeavdelinga, saman med den fødande som avtaler transportmåte og som rekvirerer bil eller båtambulanse. Sægrov meiner det gode rutinar mellom Kvinneklinikken, AMK og ambulansetenesta på transport av fødande. Han strekar under at han ikkje har føresetnadar for å uttale seg om vurderingane som gjort i dette tilfelle.

– Men då AMK vart varsla, vart det sendt ut to ambulansar; både den som var nærast, og ein ambulanse frå Førde. I denne var det med ei jordmor og ein jordmorstudent. I tillegg rykte legen i Askvoll ut. Ambulansen stod på kaia i Askvoll då ferja la til. Vi hadde folk på plass. Korleis ferjemannskapet handterer tømminga av ferja i samband med pasientoverflytting, kan ikkje Helse Førde svare for, seier han.

«Vent og ta ferja» – med blindtarmbetennelse

Historia hennar er ikkje den einaste.

Også værlendingen Vegard Leite – som mange vil hugse frå den gongen han vart landskjend som deltakar i «Idol» – fekk beskjed om å vente og ta ferja, då han frykta at han hadde fått blindtarmbetennelse.

– Eg var åleine i huset og ringde 113. Vaktlegen som svara, meinte at eg ikkje hadde smerter nok, i og med at eg greidde å ringe sjølv. Eg tykte det var eit merkeleg svar. Legen meinte også at eg skulle vente til neste dag og ta ferja til Askvoll då. Dette gjekk eg ikkje med på, og etter ein lengre diskusjon fekk eg krangla meg til å bli henta med ambulansebåten, seier han.

Undervegs til Askvoll vart smertene verre, og det vart avgjort at han skulle ta taxi til Førde. I taxien vart smertene så store at han spydde fleire gonger.

Ved Sentralsjukehuset slo legane til slutt fast at Vegard Leite hadde blindtarmbetennelse, og han vart operert.

Legevaktsentralen

Hos Helse Førde konstaterer ambulansesjef Stian Sægrov at diskusjonen om Leite skulle hentast med ambulansebåten eller ikkje, må ha vore med den interkommunale legevakta.

– Kommunikasjonen og vurderingane fram til legevakta kontaktarAMK og bestiller ambulanse, har vi ikkje oversikt over. Helse Førde driv ambulansebåten, men i mange tilfelle er det den kommunale legevakta som tek avgjerda om båten skal brukast eller ikkje, og som bestiller turen hos oss når dei vurderer at det er medisinsk behov for båttransport, seier han.

– At det i Leites tilfelle vart brukt taxi i staden for ambulanse frå Askvoll til Førde, skjedde i forståing og med samtykke frå pasienten. Denne avgjerda vart teken etter at han var medisinsk undersøkt av ambulansepersonell og i dialog med vaktlege, seier Sægrov.

Ambulansesjefen seier han ikkje har kjennskap til to andre tilfelle folk i øyane har reagert på og fortel om. Sægrov meiner at også dette truleg handlar om førespurnader som ikkje har gått til AMK-sentralen hos Helse Førde, men til legevakta kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn driv i lag.

«Vil koste 12.000 kroner»

I det eine av desse tilfella blir det fortalt om foreldre som stod med eit sjukt barn i armane og ringde etter hjelp, og som vart møtt med å bli fortalt prislappen på ein tur med ambulansebåten.

– Dette skjedde julaftan 2019. Då hadde ein liten gut problem med dårleg pust, og var generelt slakk, fortel Bengt Ronny Landøy-Midtbøen. Han har den seinare tida samla døme på tilfelle der folk i øyane meiner pasienttransporttilbodet har vore for dårleg.

– Foreldra ringde 116/117. Då fekk dei spørsmål om ikkje dei kunne vente til ferja gjekk, fordi det ville koste 12.000 kroner å sende ambulansebåten. Det enda med at foreldra reiste den timelange turen med ferja og sjølv køyrde til Førde med barnet. Der vart det stadfesta at småguten hadde øyrebetennelse, augebetennelse og bronkitt.

Færre båtoppdrag

Tal som vart lagt fram på siste styremøte i Helse Førde viser at ambulanseoppdraga med båten i Askvoll har gått markant ned frå 2018 til -19, etter først å ha auka og så minka igjen etter det første nedleggingsvedtaket i 2016. Det samla talet på båtoppdrag i Askvoll var i 2019 ikkje høgare enn 57; ni færre enn i 2016, 42 færre enn i 2017.

– Men er det ikkje naturleg at eit helseføretak med ein pressa økonomi må snu på kronene?

– Det er legitimt å tenkje på pengebruken. Men her er vi vitne til ei systematisk nedtrapping av båtbruken, for at båten skal leggast ned til slutt, seier han.

Grendelagsleiar Roar Landøy har same inntrykket.

– I 2016 stod folk frå Helse Førde på folkemøte og forsikra om at ambulanseendringa ikkje handla om økonomi, men at vi skulle få eit betre tilbod. No er det heilt openbert at det er pengar det handlar om. Vi føler at vi blir sett langt tilbake i tid, seier grendelagsleiaren.

Helse Førdes ambulansesjef, Stian Sægrov, seier at dei økonomiske rammene for ambulansebåten ikkje legg hindringar for bruken.

– Vi har heller ikkje fått signal frå dei som køyrer ambulansebåtane i Solund og Askvoll at dei opplever misnøye. Retningslinene for bruken er ikkje endra, men bruken går ned i begge kommunane, seier han.