Hopp til hovedinnhold


Misser ambulansestasjon - må betale for dårlegare tilbod

Bremanger kommune har sagt ja til eit pilotprosjekt med Helse Førde. Det gjer at dei misser ein av to ambulansestasjonar i kommunen, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Les òg: Politikarane slukte «ambulanse-kamelen»
– Det er på ingen måte ønskjeleg at me må kutte i vårt øvrige helsetilbod for å finansiere ei teneste som Helse Førde er pålagd å finansiere, seier Svein Olav Senneset som er gruppeleiar for Venstre i Bremanger.
Han meiner spleiselaget med Helse Førde vil koste dei dyrt.
– Eg meiner det er heilt urimeleg. I kommunen sin økonomiske situasjon vil dette gå på kostnad av andre ting innan helse, for me har ikkje råd til å auke råma.
Onsdag slutta fleirtalet i formannskapet seg til å gå inn i eit toårig prøveprosjekt med Helse Førde om ei alternativ ambulanseordning for Ytre Bremanger. Då skal ein fullverdig ambulansestasjon erstattast med ein ambulansearbeidar. I tillegg skal kommunen stille med ein person.
Alle partia i formannskapet var samde om at det prinsipielt er feil at Bremanger tek midlar frå kommunekassa for finansiere tilbodet. Likevel stemte alle for prosjektet, utanom Venstre sine to representantar.

Problematisk oppgåveforskyving

Dagleg leiar i KS i Sogn og Fjordane, Frode Kyrkjebø, har forståing for at det skapar reaksjonar at kommunen tek rekninga i tilfelle som dette.
Han meiner det er prinsipielt er utfordrande at ei slik oppgåveforskyving skjer frå stat til kommune i berre ein kommune. Det med tanke på overføring av kompetanse og finansiering.
– Då er det viktig at det skjer på ein slik måte at det følgjer med både finansiering og kompetanse til kommunane, slik at dei kan handtere det på ein god måte.
Prosjektleiar for prehospital plan, fase 2, i Helse Førde, Tom Guldhav, meiner det aktuelle forslaget har fleire vinnarar.
– Me har fått kunnskap og innsikt i kvarandre sine utfordringar. Viss me i eit samarbeid kan oppnå gode ordningar for innbyggjarane, er det målet her.
Les meir om saka hjå NRK