Hopp til hovedinnhold


Politikarane slukte «ambulanse-kamelen»

Fleirtalet i formannskapet ønsker å gå inn ei eit prøveprosjekt i to år med Helse Førde om alternativ ambulanseordning, skriv Firdaposten (krev innlogging).

Alle partia var samde om at det prinsipielt er feil at Bremanger kommune skal betale eit millionbeløp til Helse Førde for å vidareføre ei ambulanseordning for Ytre Bremanger.

Men fleirtalet med Ap, Sp og Høgre vedtok likevel under tvil å gå tilbake til Helse Førde med forslag om ei prøveordning med ambulansedrift i ytre basert på eit spleiselag. Formannskapsfleirtalet reknar kommunen sitt bidrag til 500.000 kroner årleg i to år.

Ambulanseordninga skal sikre tidleg oppfølging av akuttpasientar, ved at det blir stasjonert ein ambulansearbeider frå Helse Førde som skal ha ein hjelpar/sjåfør betalt av Bremanger kommune.

Det kan stå om livet kvar tiande dag

Vedtaket blei gjort mot dei to stemmene til Venstre, som meiner det er feil å bruke av knappe økonomiske ressursar for å sørge for at helseforetaket skal spare pengar til å halde opp beredskapen. Venstre viste også til faglege råd frå legane i ytre.

Forslag om prøveprosjekt blei spelt opp av Elisabeth Hatlenes (H), for å kunne ha ein opning ut av ordninga seinare.

Per Helge Eikeland (Ap) begrunna sitt standpunkt slik:

– Vi lever i ei spesiell kommune med store avstandar. Vi bør seie ja dersom det blir eit prøveprosjekt, sjølv om eg er heilt samd i at prinsipielt er det feil.

Les meir om saka hjå Firdaposten (krev innlogging)