Hopp til hovedinnhold


Volda opnar kirurgisk akuttberedskap i helgane

Med akuttkirurgi på plass i Volda, vil det for mange pasientar i Nordfjord vere betydeleg kortare veg til Volda enn Førde, skriv Bengt Flaten, ansvarleg redaktør i Fjordingen (krever innlogging).

16. desember er ein viktig dato for innbyggjarane på søre Sunnmøre og i Nordfjord. Frå denne datoen opnar Volda sjukehus kirurgisk akuttberedskap også i helgane, skriv Flaten.
Sidan januar 2013 har sjukehuset hatt tilbod om kirurgisk akuttberedskap berre måndag til fredag. Nytilviste pasientar frå fredag ettermiddag til måndag morgon har difor blitt sende anten til Ålesund sjukehus eller St. Olavs Hospital. Pasienter frå Nordfjord har blitt sende til Førde sentralsjukehus.
Les også: Ser på både traumesystem og akuttkirurgi i oppfølginga av utviklingsplanen. 
Bakgrunn: Folkeopprør mot nedleggelse av akuttkirurgien i Volda. 

Pressemelding

Konstituert klinikksjef Ingrid Vasdal i Helse Møre og Romsdal gjekk måndag ut med eiga pressemelding der ho fortalde at Volda sjukehus no vert akuttsjukehus også innan kirurgi heile veka. Dette fordi ordninga som har vore, har gitt helseføretaket både faglege, kvalitetsmessige og økonomiske utfordringar.

Betre ressursbruk

Å transportere pasientar forbi eitt sjukehus kostar både pengar og tek kapasitet frå ambulansetenesta. Når kapasiteten ved operasjon og sengepost ved Ålesund sjukehus er belasta, vil helgeope tilbod i Volda føre til betre ressursbruk og betre pasientbehandling ved begge sjukehusa, poengterer Vasdal.
Les meir hjå Fjordingen (krever innlogging)