Hopp til hovedinnhold


Ropar varsku om smertestillande medisin

Rusforskarar ropar varsku om bruken av den smertestillande medisinen Oksykodon. Bruken av Oksykodon er åttedobla i Noreg dei siste 15 åra, viser tal frå Reseptregisteret, ifølgje NRK Norge.

Dette er det same preparatet som er knytt til ein epidemi av overdosedødsfall i USA. Medikamentet har fått skulda for å skapt ei heilt ny gruppe narkomane i landet, som har ført til svært mange dødsfall.
Også i Noreg er det no fleire som døyr av overdosar av lovleg medisin – enn av til dømes av heroin.

Døydde av overdose

Ole Johnny Broholt Bakke, som NRK fortalde om laurdag, døydde av ein overdose av lovlege medikament, utskrivne av legar. Oksykodon var eitt av medikamenta han gjekk på, men ikkje ein del av dødsårsaka.
Thomas Clausen, leiar for senter for rus- og avhengigheitsforsking ved Universitetet i Oslo, er uroa over utviklinga.
– No trur eg ikkje vi kjem til å ende opp der USA er, med tusenvis av dødsfall knytte til dette medikamentet. Men vi har ropt varsku fordi vi gjerne vil snu denne utviklinga tidleg, og før det blir ein folkehelsekatastrofe i Noreg, seier han.
Marte Kvittum Tangen er leiar i Norsk foreining for allmennmedisin. Ho seier at Oksykodon er meir avhengigheitsskapande enn dei først trudde.
Les meir om saka hjå NRK