Hopp til hovedinnhold


Ventar dobling av ambulanse-oppdrag for eldre

Fram mot 2040 vil talet på ambulanseoppdrag med pasientar som er over 80 år, nesten doble seg, skriv Sogn Avis.

Det skriv Helse Førde i ei pressemelding. Innspelet kjem i samband med prehospital plan som no er på høyring. Der er det foreslått fleire endringar i kvar ambulansane skal plasserast. Mellom anna ynskjer dei dagambulansen i Luster flytta til Sogndal.

Fleire eldre

Ei stadig eldre befolkning vil gje kraftig vekst i talet på ambulanseoppdrag for dei som er over yrkesaktiv alder. I gruppa 67 til 80 år vil talet på oppdrag auke med 28 prosent.
I gruppa over 80 år vil veksten vere heile 90 prosent samanlikna med aktivitet i 2018, skriv Helse Førde.
- Alder er ein sentral drivar for oppdragsvolumet dei komande 20 åra. Det er heilt nødvendig å ta omsyn til denne når vi i prehospital plan har vurdert korleis den framtidige prehospitale tenesta skal vere, seier Tom Guldhav, direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde.
Han er også prosjektleiar for arbeidet med ny ambulanseplan i Sogn og Fjordane.

Auke i Sogndal

Det er ei framskriving av talet ambulanseoppdrag basert på folketalsutviklinga som viser endringane ambulansetenesta står overfor.
Medan det blir stadig fleire ambulanseoppdrag med eldre pasientar, går talet på oppdrag med personar under 66 år nedover.

Les meir om saka hjå Sogn Avis