Hopp til hovedinnhold


Kan og vil ikkje betale 1,7 mill. for Helse Førde-ambulanse

Politikarane i Bremanger aksepterer ikkje å måtte betale helseforetaket for å halde opp ambulansetenesta, men ønsker vidare dialog med Helse Førde om saka, skriv Firdaposten (krev innlogging).

Formannskapet i Bremanger kan ikkje akseptere prinsippet i den såkalla «Bremanger-modellen» som kjem fram i Helse Førde sin prehospitale plan fase 2.

Klinikkdirektør Tom Guldhav og prosjektleiar Stian Sægrov presenterte dette for kommunestyret den 7. november og formannskapet fekk fullmakt til å lage ei høyringsuttale.

Ved å godta prinsippet i «Bremanger-modellen», ville kommunen bli den einaste som må betale for helstenester som ligg under helseforetaket sitt ansvarsområde.

– Det er inga enkel prinsippsak dette. Vi har ikkje fått noko respons tilbake frå Helse Førde på vår høyringsuttale enno. Vi forstod Guldhav og Sægrov slik i kommunestyremøtet, at dei må ta saka tilbake til styret i Helse Førde og legge fram ei ny innstilling om ambulanseteneste i Bremanger, forklarer ordførar Anne Kristin Førde (Ap).

Politikarane er her dels på kollisjonskurs med sin eigen administrasjon, som har utarbeidd framlegget til «Bremanger-modellen» i samarbeid med Helse Førde.

Les mer om saka hjå Firdaposten (krev innlogging)