Hopp til hovedinnhold


Kvit ambulanse aktuell for Sunnfjord

Helse Førde vurderer å få på plass ein kvit ambulanse. Om dei skal investere blir bestemt om ein månad eller to, skriv Firda.

Kvite ambulansar vert brukte til planlagde transportoppdrag, ikkje akuttoppdrag. Dei har lågare krav til personell, og vil fristille ordinære ambulansebilar til andre oppdrag eller gje auka akuttberedskap.

I Helse Førde er dette no aktuelt i samband med arbeidet rundt prehospitale tenester, som skal avgjerast i styremøte i desember eller januar.

Sunnfjord og Ytre Sogn

Dei kvite bilane blir i stor grad brukt til å transportere pasientar som er stabile og ferdigbehandla frå eitt sjukehus til eitt anna, men det er også potensial for ein del kvite transportar frå sjukehus og ut til sjukeheimar eller heim.

Helse Førde skriv i ei pressemelding at det alt i dag er grunnlag for å prøve ut ein slik kvit bil for transportoppdrag i Sunnfjord og delar av Ytre Sogn. Dei reknar også med at behovet vil stige etter kvart som talet eldre aukar, noko det vil gjere i åra framover.

Les meir om saka hjå Firda