Hopp til hovedinnhold


Paramedisinsstudenter og redningsmenn fra Norsk Luftambulanse øvde på redningsteknikk i Sørmarka

Redningsteknisk dag blei arrangert 8. november for paramedisinstudentar ved UiS, i samarbeid med redningsmenn frå Stiftelsen Norsk Luftambulanse, skriv Universitetet i Stavanger i ei nyhetsmelding.

Studentane på bachelor i paramedisin fekk denne dagen øve på enkle prinsipp og redningsteknikkar som dei vil få bruk for ute i teneste. Dagen starta med ein innføring i hypotermi, det vil sei ein kroppstemperatur lågare enn 35 °C, og anbefalingar knytt til prehospital diagnostisering og behandling av hypoterme pasientar.
Håvard Mattingsdal og Petter Thorbjørnsen Nielsen, redningsmenn i Stiftelsen Norsk Luftambulanse(SNLA), gav også studentane nokre tips om korleis ambulansepersonell på bakken best mogleg kan samarbeide med luftambulansen ved nedtak av helikopter, deriblant kva dei bør ver oppmerksam på ved val av landingsplass.

Ambulanseoperativt arbeid

– Formålet med redningsteknisk dag er at studentane skal ha fokus på den redningstekniske delen av arbeidet i ambulansetenesta, forklarar Nina Vatland, studieprogramleiar ved bachelor i paramedisin.
Oppgåva til paramedisinarar (paramedic) er vurdering og igangsetting av livreddande behandling til akutt sjuke og skadde personar. Arbeidet medfører gjentekne fysiske belastningar i ulike vêrforhold, og i alle former for terreng. Øving på redningsteknikk, kunnskap om redningstenestene og samhandling med naudetatane er difor ein viktig del opplæringa i ambulanseoperativt arbeid.

Les heile nyhetsmeldinga hjå UiS