Hopp til hovedinnhold


Kvar er ambulansen?

– Ambulansen skal vere nær der den trengst mest, og det er ikkje nødvendigvis i garasjen på stasjonen, skriv direktør ved kirurgisk klinikk i Helse Førde, Tom Guldhav i Porten.
Vårt svar er at ambulansen skal vere der den trengst mest. 
For å få til dette, har Helse Førde utarbeidd eit utkast til prehospital plan. Her har vi brukt all vår kunnskap og erfaring for best mogeleg å nytte dei ressursane som er tilgjengeleg, og skape størst mogleg grad av tilgjenge og tryggleik for innbyggjarane  i Sogn og Fjordane. Å drive ei trygg, god og nær ambulanseteneste i Sogn og Fjordane er ei stor utfordring, gitt vår geografi og folkesetnad. Men heldigvis, våre dyktige tilsette har aldri hatt betre føresetnader for å få det til. 
Vi har allereie presentert Prehospital plan og tankane bak den, og framlegget ligg no ute på høyring hjå kommunar og andre interessentar. Høyringsfrist er sett til 25. november i år.

Innfører tilstadesvakt

Eitt av hovudgrepa i planen er å innføre tilstadesvakt (kasernert vakt) ved samtlege bilambulansestasjonar. Dette gjer at ingen stasjonar lenger vil ha personell på  heimevakt, med dei negative konsekvensane dette har for responstid og vaktkvardagen for tilsette. 
Det er ei kostbar løysing, men vi er overtydde om at den vil sikre ein monaleg betra og meir stabil beredskap, og at løysinga er til beste for folk i Helse Førde sitt område. Vi ønskjer å innføre denne løysinga  sjølv om styret vårt har gjeve signal om at den nye prehospitale planen ikkje skal overskride den budsjettramma som galdt for desse tenestene i 2018. I denne samanhengen er det verd å merke seg at Helse Førde aldri tidlegare har brukt større ressursar på ambulansetenesta enn kva vi gjorde i 2018. 

Naudsynt å utvikle strukturen

Dyrare og betre vaktordningar, med andre ord. Korleis halde dette innanfor rammene? Vi veit at straks vi føreslår strukturelle endringar, så vil det kome reaksjonar. Den lokale ambulansestasjonen, om den så berre bestod av ein garasje med tilknytt kvilerom, har tradisjonelt vore eit sterkt symbol på tryggleik, på at helsetenesta faktisk er til stades, også her hjå oss.
Vi har forståing for at endringar i den etablerte infrastrukturen kan skape uro. Også vi i Helse Førde tykkjer at det er vanskelege avvegingar, som til dømes når vi avviklar ambulansen som har vore stasjonert i Lavik. Men det er gjort utifrå ei heilskapleg vurdering av ressursbruken innanfor den tilgjengelege ramma. 
Vi meiner Helse Førde driv ei god, desentralisert ambulanseteneste i fylket. Slik skal det vere også i framtida. Men det er ikkje gitt at den same strukturen vi hadde i år 2000, 2010 eller 2015 er den løysinga som gjev best beredskap, tryggleik og helsevinst for innbyggarane i Sogn og Fjordane i 2019 og åra frametter. For å kunne gje eit samla best mogeleg tilbod er det naudsynt å utvikle strukturen i samsvar med utviklinga innafor medisinsk teknisk utstyr, akuttmedisinsk kompetanse og ressursar. 
For i 2019 har vi ei ambulanseteneste som gradvis har blitt meir og meir profesjonalisert, og som har heilt andre ressursar og føresetnader enn tidlegare for å kunne styre ein omfattande flåte av ambulansar. I framtida vil våre bilar tilbringe meir tid ute på vegen, og  mindre stilleståande på stasjon. Helse Førde sin flåte av ambulansebilar tilbakelegg samla nær to millionar kilometer på vegane våre kvart einaste år.
Ved hjelp av GPS-utstyr kan vår AMK-sentral koordinere ressursane rundt og dekke opp om  det oppstår «hol» i beredskap og nærleik. I ei slik verd betyr plasseringa av ambulansestasjonar og stasjoneringsstad mindre enn tidlegare. Det som betyr mest for din og min tryggleik, er at det finst ambulansar, med kompetent personell i beredskap nær deg. 

Kvar bil meir aktiv

I tillegg ønskjer vi å ta ytterlegare grep for å sikre auka kapasitet og fristille akuttberedskap. Dette blant anna ved å innføre såkalla kvite bilar, dvs. reine transportambulansar som tek pasienttransportar til og frå institusjon i tilfelle der medisinsk personell og utstyr ikkje er naudsynt. Dermed kan dei ordinære gule ambulansebilane bli avlasta frå slike oppdrag.
Samtidig erkjenner Helse Førde å stå overfor ei stor oppgåve når vi skal overtyde folk om at dette er ein plan som skal auke, og ikkje seinke tryggleiken for flest i Sogn og Fjordane. Planen som er foreslått inneber ikkje nødvendigvis færre ambulansar ute på vegane våre, når kvar bil er aktiv større del av tida. Ombord på ambulansane vil vi få stadig betre utdanna og trente tilsette, kombinert med utstyr som kan gje raskare og meir avansert helsehjelp allereie medan pasienten er undervegs til rett nivå i spesialisthelsetenesta. 
Spørsmålet om beredskap må også sjåast i lys av den eineståande gode dekninga av ambulanse- og redningshelikopter i vårt område. Ingen annan region i landet kan vise til betre dekning av helikopterressursar, og knapt noko helseføretak brukar ambulansehelikopter like ofte som oss – målt ut frå folketal. Vi meiner denne ressursbruken er riktig, og heilt naudsynt for å sikre akseptabel tryggleik for innbyggarane. Dette utfrå korleis området vårt ser ut i høve geografi og folkesetnad. 
Les heile innlegget i Porten