Hopp til hovedinnhold


«Take it or leave it» frå Helse Førde: Betal eller godta kutt i ambulansetenesta

Bremanger-politikarane får i realiteten eit ultimatum. Enten må dei gå inn med eit millionbeløp i den alternative ambulanseordninga eller godta at ambulansetenesta i ytre blir kutta, skriv Firdaposten (krev innlogging).

Klinikkdirektør Tom Gullhav og prosjektleiar Stian Sægrov frå Helse Førde presenterte innhaldet iPrehospital Plan, som skisserer endringar i ambulansetenesta i framtida.

Der blir det etter eit nært samarbeid med kommunen foreslått å erstatte ambulansetenesta i ytre Bremanger, med eit døgnkontinuerleg tilbod med ein ambulansearbeidar med kroppskamera som skal kunne rykke ut for å kartlegge helsetilstanden etter samråd med lege.

Planen er også at det skal vere ein ambulansebil i Kalvåg og at ein person frå kommunen skal stille opp som hjelpeperson til å køyre ambulansebilen. Det vil koste i området 1,7 millionar kroner for kommunen å sikre dette tilbodet.

Etter presentasjon i kommunestyresalen troppa gruppeleiarane i partia på talarstolen med ei lang rekke spørsmål. Først ut var eks-Ap-politikar Espen Gulliksen, som heilt tydeleg har funne seg til rette i Senterpartiet:

– Vi er svært kritisk til dette og har mange spørsmål. Her blir det innført eit pilotprosjekt på legevakt som det enno ikkje er publisert nokon erfaringar frå og deretter ønsker ein å endre ambulansetenesta samstundes. Prehospital plan er tilpassa sentrale strøk. Det er ikkje alltid flyvær på vestlandskysten. At Helse Førde vil ha flåtestyring av ambulansebilane, kan like gjerne handle om at dei held att ambulansane der det er flest oppdrag og i praksis får ein høgare terskel for å rykke ut i utkantane. Forslaget inneber meirkostnader til kommunen. Får vi kompensasjon for dette? Må til dømes Førde kommune gå inn med midlar i ambulansetenesta? Det som blir lagt fram her er eit trugsmål; enten er de med på dette eller så legg vi ned ambulansen i ytre.

Klinikkdirektør Tom Gullhav i Helse Førde streka under at alternativet til å seie nei til dette forslaget er at Bremanger vil sitje att med berre ein ambulansestasjon og at denne må flyttast frå Svelgen og plasserast mest mogleg sentralt i kommunen.

– Alternativet kan då vere ein ambulansestasjon i Rugsund. Helse Førde har ansvar for ambulansetenesta, men på akuttområdet har kommunane også eit ansvar. Vi prøver å få til noko her i samarbeid med kommunen og då må det bli ei kostnadsdeling.

Les meir om saka hjå Firdaposten (krev innlogging)