Hopp til hovedinnhold


For dårleg mobildekning til ny ambulanseordning

Innspel tilprehospital plan Helse Førde: Vi har først og fremst lyst å spele inn at vi ønsker eit fullverdig ambulansetilbud med to stk ambulansearbeidarar lokalisert i ytre Bremanger, skriv innbyggjarar i eit innlegg i Firdaposten (krev innlogging).
Les óg: En dårlig ide å bytte legevakt i distrikt med sykepleiervakt - eller ambulanse

Det blir framstillt som at alternativet enten er at tilbodet vert lagt ned eller omorganisert. Vi stiller spørsmål ved om ei forsvarleg drift avprehospitale tjenester kan bli opprettholdt om det første skulle skje.

Det blir vist til helikopter og ambulansebåt som alternativ, men det fins mange døme på at dette ikkje alltid er dekkande f.eks pga dårleg vær.

Legane i ytre Bremanger, Lotfollah Solaty Kuranloo og Ehambaranthan Ravikumar, gjekk den 4.oktober ut i Firdaposten og seier dei er rysta over forslaget til endringar i prehospital plan sett i samanheng med den nye legevaktpiloten som er innført.

Dei meiner at ambulansetenesta tvert i mot bør styrkast pga ei kvalitativt redusert legevaktordning og at å erstatte ei ambulanseteneste og rutinert personell med berre ein fast ambulansearbeidar med hovudkamera med ein kommunal hjelpeperson under akutte oppdrag, vil sette menneske sitt liv og helse i fare.

Dette er synspunkt vi støttar fullt ut.

Skulle ei slik ordning likevel bli innført så har vi følgande merknadar:

- Det er nettopp innført legevaktpilot i Bremanger kommune. Det er eit prosjekt som er under utprøving, og alt nytt fører usikkerhet med seg. Vi ber derfor om at Helse Førde ikkje gjer endringar i dagens ambulanseordning samstundes som ein er i prøveperioden for legevaktpiloten i Bremanger Kommune.

- Økonomisk har vi forstått det slik at den nye ordninga vert marginalt rimelegare for Helse Førde fordi den fører til at antal årsverk går ned til 3,5 mot dagens 4 og at de ved eit fullverdig ambulansetilbod vil trenge 7 årsverk pga omlegging til kasernert drift. Ved at person nummer 2 er i kommunal teneste så fell altså store delar av personellkostnaden over på Bremanger kommune og totalsummen går opp mot det den er i dag. Samfunnsøkonomisk er dette ei dårleg løysing og Bremanger kommune kjem ut som tapande part uansett om tilbodet vert lagt ned eller omorganisert.

- Vi har fått høyre at eit av ønskene og fordelane med kasernert drift og nye arbeidstidsordningar er å lettare rekruttere nye ambulansearbeidarar. Ved at ein ekstra funksjon som ambulansehjelp blir lagt til ei kommunal stilling ser vi ei viss fare for at motsatt effekt kan ramme Bremanger kommune. Skal til dømes sjukepleiarar som vi allereie i dag slit med rekruttering til få denne oppgåva i tillegg, så vil det kunne slå veldig uheldig ut.

- I punkt 7.4 Forslag til kva som er aktuelt å samhandle om står det: “i Ytre Bremanger vil nytte ein ambulansearbeidar som i samarbeid med kommunalt personell vil kunne rykke ut ved raude/gule og einskilde grøne responsar. Personellet vil ha videokommunikasjon (hovudkamera) direkte til legevakt/lege for diagnostikk og behandlingstøtte.”

Om dette skal fungere ute på oppdrag så er ein vel avhengig av (god) dekning på minimum 4G. Det er mange stadar dette ikkje er tilgjengeleg i dag, f.eks har store delar av Berle, Dalen og Novelandet med meir manglande/dårleg mobildekning. Her meinar vi det må grundige utgreiingar til før ein gjer endringar.

Les meir om saka hjå Firdaposten (krev innlogging)