Hopp til hovedinnhold


Blodprøve blei frakta med drone for første gong

Om få år kan det vere droner som fraktar blodprøver. – Frakt av organ treng ikkje vere så mykje lenger unna, seier Børre Eimhjellen i Airlift Solutions til NRK Sogn og Fjordane.

Helikopterselskapet Airlift i Førde utviklar eit system saman med Rikshospitalet og Helse Vest, der blodprøver blir frakta med dronar.
Løysinga blei testa ut i Førde denne veka, då ei blodprøve frå Førde sentralsjukehus fekk ein noko uvanleg og luftig tur i kring 2 kilometer. Turen gjekk frå sjukehuset og til Scandic Sunnfjord. Dette var første gongen ei blodprøve blei frakta med drone, skriv Helse Førde i ei pressemelding.
– Innan tre år trur eg vi er i lufta, seier Børre Eimhjellen, som er dagleg leiar i Airlift Solutions.

Frakt av organ

Fleire millionar blodprøvar blir frakta rundt i heile landet med post, båt, bil eller fly. Turar som både kostar, forureinar og tek tid.
– Vår løysing vil spare tid, auke kvaliteten og vere grønare, meiner Eimhjellen.
Målet er at dronar skal transportere blodprøver frå legekontor og til sjukehus i første omgang, men dronane også skal kunne frakte andre ting etter kvart.
– Vi trur frakt av blodprøver vil kome først, men det vil ikkje stoppe der. Frakt av organ treng ikkje vere så mykje lenger unna. Vi må byggje steg for steg, vi må krype før vi kan gå, seier Eimhjellen.
Les meir om saka hjå NRK