Hopp til hovedinnhold


Lavik kan miste ambulansen: – Vi er heilt avhengige av den

Helse Førde har foreslått å kutte døgnambulansen i Lavik. Det gjer ordførarane i nabokommunane fortvilte, då dei ser på ambulansen som heilt nødvendig for innbyggjarane, skriv Avisa Nordhordland (krev innlogging).
Bakgrunn: Plan for ambulanasetenesta i Helse Førde er klar – det er ikkje realistisk å nå alle innanfor responstida
Siste: – Ei slik teneste kan aldri bli hundre prosent perfekt
Les óg: Ordføraren trur bygda vil klare seg godt utan ambulansetilbodet dei har i dag
– Ambulansen er stasjonært i Lavik med døgnvakt, og er i full bruk. Vi er heilt avhengige av den lokalt og i nabokommunane, seier Monica Tjønnås frå Lavik.
Ho fryktar at Lavik kan miste døgnambulansetilbodet, noko som òg vil gå utover nabokommunane.
– Ambulansen har heile sørsida av Sognefjorden, og det er ein lang veg innover. Så har den Hyllestad òg, seier Monica Tjønnås.

Flåtestyring og fråflytting

I september la Helse Førde ut ein plan for høyring, med forslag om å kutteambulansen i Lavik. Til erstatning blir det flåtestyring frå Høyanger og Fjaler, som betyr at ambulansen må kome derfrå når ein situasjon oppstår.
– Då veit eg ikkje kva vi gjer. Dei er der når vi treng noko akutt. At ambulansen skal kome frå Gulen reknar vi ikkje med, så då står igjen Høyanger, og det ser eg ikkje som noko moglegheit.
Tjønnås seier at Lavik, med nokre få hundretals innbyggjarar, er heilt avhengig av ambulansen. Ho meiner den gir eit viktig helsetenestetilbod til dei som bur der, og at det vil vere utelukka for folk å flytte til Lavik om ambulansen skulle forsvinne.
– Det er ikkje distriktsvenleg. Då går det ikkje an å bu her med folk som er sjuke, som treng ein ambulanse tilgjengeleg. Då burde du ikkje bu her, og i alle fall ikkje flytte hit, seier ho.

Meir enn éin ambulanse

Tom Guldhav er prosjektleiar for prehospital plan fase 2 i Helse Førde. Han seier planen til høyring må bli sett på i eit større bilde.
– Planen er for heile fylket, ikkje berre éin ambulanse. Det er lagt inn kompenserande tiltak i planen, auka bruk av kvit bil og flåtestyring av bilane er døme på det, seier Tom Guldhav.
Les meir om saka hjå Avisa Nordhordland (krev innlogging)