Hopp til hovedinnhold


Vil krevje å få behalde ambulansen i Lavik

Ordførarane i Høyanger og Hyllestad er samde om å sende brev til Helse Førde med krava til kommunane. Fleire kommunar stiller seg bak, skriv Porten.

Siste: Ei slik teneste kan aldri bli hundre prosent perfekt
Bakgrunn: Plan for ambulanasetenesta i Helse Førde er klar – det er ikkje realistisk å nå alle innanfor responstida
Meir: Ordføraren trur bygda vil klare seg godt utan ambulansetilbodet dei har i dag
Helse Førde har i forslaget til ny prehospital plan føreslege å blant anna leggje ned døgnambulansen i Lavik. Den skal erstattast med flåtestyring frå Høyanger og Fjaler. Det vil seie at ambulansane må rykkje ut frå stasjonane der i staden for dersom det vert naudsynt.
I kommunestyremøtet tysdag las ordførar Petter Sortland (Ap) opp ein interpellasjon frå Eirin Borlaug (Sp), som bur på Lavikdalen.

– Stort engasjement

Borlaug skriv at ho aldri før har opplevd liknande engasjement i ei sak, og at ambulansen er tryggleiken innbyggjarane i Lavik og andre delar av kommunen har når dei bur langt frå helsetenestene. Sp-representanten meiner Helse Førde gamblar med liv og helse ved å byggje ned beredskapen i regionen.
Ho bad i interpellasjonen om ei forsikring frå ordføraren om at saka vert følgd opp frå kommunen og ønskte informasjon om kva som vert gjort vidare.

Skal sende brev

Ordførar Petter Sortland skriv i eit svar at han saman med ordførar i Hyllestad, Morten Askvik (Sp) har hatt møte med ordførarane i Askvoll, Fjaler og Balestrand. Der poengterte dei at også Askvoll og Balestrand, som i dag er serva av ambulanse frå Fjaler og Høyanger, vil få dårlegare beredskap dersom dei ambulansane oftare vert sende vekk frå stasjonen.
Ordførarane i dei tre andre kommunane vil difor støtte kravet frå Høyanger og Hyllestad om å få behalde ambulansen i Lavik.
Les meir om saka hjå Porten