Hopp til hovedinnhold


– Ei slik teneste kan aldri bli hundre prosent perfekt

I Helse Førde er vi glade for det sterke engasjementet rundt ei av dei viktigaste tenestene vi leverer, nemleg dei prehospitale tenestene, eller i daglegtale ambulansetilbodet, skriv direktøren i Helse Førde i eit innlegg i Fjordabladet.
Bakgrunn: Plan for ambulanasetenesta i Helse Førde er klar - det er ikkje realistisk å nå alle innanfor responstida
Meir: Ordføraren trur bygda vil klare seg godt utan ambulansetilbodet dei har i dag
Men med engasjementet kjem også ein del påstandar og førestillingar som ikkje alltid er forankra i kunnskap og fakta i saka.
Sist veke beslutta styret i Helse Førde å sende framlegget til framtidig organisering av dei prehospitale tenestene ut på høyring. Dette omfattar bil- og båtambulanse, AMK-sentral, luftambulanse/redningshelikopter samt legevakt og er lagt opp innanfor budsjettet som desse tenestene hadde i 2018, i tråd med krav frå styret vårt.
For dei som ønskjer å debattere planen eller lufte sterke meiningar om den, kan det vere tenleg å lese dokumentet i forkant. Heile planen ligg ope ute på våre nettsider.
I arbeidet med planen har vi lagt vekt på å involvere kommunane i arbeidet, og har hatt ei rekke orienterings- og diskusjonsmøte med dei. Vårt styre har bede om at dei tilgjengelege ressursane blir nytta på best mogeleg måte, til beste for den samla befolkninga i Sogn og Fjordane. No i høyringsperioden har alle kommunane høve til å komme med sine synspunkt på planen.
I arbeidet med planen har det vore nytta avanserte simuleringsmodellar tufta på historiske data, samt framskrivingar basert på data frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Dette har gjort det mogeleg å sjå kommande endringar i oppdragsmengd, og å berekne responstider der det blir gjort endringar.
I planen er det framlegg om å endre noko på dagens ambulansestruktur. Dette er gjort på måtar der vi meiner det råkar minst mogeleg del av befolkninga, og i minst mogeleg grad går ut over responstider og beredskap.
Les heile innlegget hjå Fjordabladet