Hopp til hovedinnhold


Plan for ambulansetenesta i Helse Førde er klar: – Det er ikkje realistisk å nå alle innanfor responstida

– Den nye prehospitale planen er klar, melder Helse Førde. No skal den ut på høyring, skriv Firda.
Meir Sogn Avis: Vil fjerna ambulansar - dette svekkjer beredskapen i Sogn (krev innlogging) 

– Eg er svært oppteken av at kommunar og andre interessentar skal få høve til å stille spørsmål og komme med merknader til utkastet som blir sendt på høyring, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden i ei pressemelding.

Han seier at i arbeidet med å forme ein heilskapleg plan har Helse Førde lagt stor vekt på å involvere kommunane.

Når ikkje alle innan rettleiande responstid

– Ressursane i tenesta skal ha ein struktur og ei styring som samla sett gjev best mogeleg resultat med omsyn til responstider og opplevd tryggleik. Desse forholda skal vi balansere opp mot dei totale ressursane som er til rådvelde, seier Varden.

Sogn og Fjordane er stort og folk bur veldig spreidd.

– Akuttutvalet (NOU 2015:17) har slått fast at det ikkje er realistisk sjølv med vesentleg auka i ressursbruk å nå alle innbyggarar innan dei rettleiande responstidene. Heldigvis er tilgangen på ambulansehelikopter svært god i Helse Førde sitt område, og helikopter blir brukt i akuttsituasjonar der responstida for bil blir lang, skriv Varden i pressemeldinga.

Slik blir strukturendringane

Dette er forslaga om strukturendringar som prosjektgruppa har komme med:

  • Dagbilen i Luster blir flytta til Sogndal.
  • Dagbilen på Skei vil bli stadig meir nytta ut frå Førde.
  • Døgnbilen i Lavik vert fjerna, og erstatta av flåtestyring av ressursar frå høvesvis Dale og Høyanger ambulansestasjonar.
  • Modellen vidarefører beredskapspunkta både på Skei og i Lavik, alternativt eit eventuelt nytt punkt i Leirvik.
  • I Ytre Bremanger vert døgnambulansen erstatta av ei teneste der ein fast stasjonert ambulansearbeidar vil rykke ut i samarbeid med kommunalt personell. Ved bruk av kroppskamera kan informasjon delast med lege i vakt. Denne modellen er forma ut i tett samarbeid med Bremanger kommune.
  • Slå saman ambulansebåtane i Askvoll og Solund i tråd med vetak frå 2016.

Derfor meiner Helse Førde at dette blir bra

Helse Førde har sett opp nokre stikkord for den tilrådde modellen. Desse er:

  • Alle ambulansestasjonane i Helse Førde skal ha tilstadevakt (kasernert vakt). Dette gjev raskare responstid, og gjer det mogeleg at personell får rotasjonsordningar som sikrar at alle får tilstrekkeleg mengd oppdrag gjennom året.
  • Ved reine transportoppdrag (utan behov for medisinsk hjelp i ein fullt utstyrt ambulanse) til og frå sjukehus, skal Helse Førde nytte såkalla kvit bil til å hente eller levere pasientar på sjukehusa. Ambulansane kan dermed halde oppe beredskapen større delar av døgnet i sine geografiske primærområde.
  • Planen legg opp til eit tettare samarbeid med kommunehelsetenestene, blant anna gjennom bruk av legevaktpilot og legevaktsatellitt i utvalde kommunar.
  • Utstrekt flåtestyring skal sikre rett bruk av ressursane.
  • Planen er ikkje mogeleg å gjennomføre innan kostnadsramma utan nokre strukturelle endringar.

Les meir om saka hjå Firda