Hopp til hovedinnhold


Laila, Jøran og Magne kjempa om å bli Innlandets beste ambulansearbeidarar

Dei tre skjåkværane deltok i Sykehuset Innlandet sitt regionmeisterskap i ambulansefag fredag, skriv Fjuken.

Siste: Team Hæljelaget fra Gran til topp i Sykehuset Innlandets ambulansemesterskap
Les og: De fem laga på Sykehuset Innlandets meisterskap i 2019

Les mer om mesterskapet her

Fem lag frå dei ulike ambulanseregionane i Innlandet deltok i regionmeisterskapet i ambulansefag, etter innleiande runder lokalt. Blant desse var «Team Ottadalen», som bestod av ambulansearbeidarane Laila Jøingsli, Jøran Forberg og Magne Ramberg frå Skjåk.
Regionmeisterskapet i ambulansefag gjekk føre seg på Jørstadmoen på Lillehammer fredag.
I det regionale meisterskapet konkurrerte laga i ulike ferdigheiter innan prehospitalt akuttmedisinsk arbeid. Deltakarane fekk ingen opplysningar om oppgåvene i forkant, og måtte handtere øvingane som reelle ambulanseoppdrag. Jøingsli, Forberg og Ramberg - og alle andre som deltok - vart testa i kunnskap, kommunikasjon, organisering og handlekraft.
Vinnarlaget vart «Team Hæljelaget» frå Hadeland, som får delta i den nasjonale konkurransen som blir arrangert av interesseorganisasjonen for ambulansetenesta, EMS Norway, neste år.
Arrangementansvarleg i Sykehuset Innlandet, Nils Halvor Gryting, melder om at laga som deltok leverte prestasjonar på eit høgt fagleg nivå, og at det var små marginar som skilde vinnarlaget frå resten av laga.
Les meir om saka hjå Fjuken