Hopp til hovedinnhold


Har fått legevaktbil

Tidlegare har legane i Vågsøy rykt ut med sine private bilar til akuttoppdrag og heimebesøk. Men no er ein nye legevaktbil på plass i kommunen, skriv Fjordenes Tidende (krev innlogging).
– Tidlegare har ein brukt privatbilar til utrykkingsoppdrag. Det har ikkje vore noko vi har reflektert så mykje rundt, det er berre slik det har vore gjennom mange år. Men no har ein frå sentralt hald hatt eit fokus på profesjonalisering av legevakt, utstyr og bilar, og gjennom dette arbeidet har det kome ei sterk anbefaling om at kommunane skal ha ein eigna legevaktbil. Konsekvensen av dette er at ein i Vågsøy har bestemt seg for at ein gjekk til innkjøp av ein bil, fortel kommuneoverlege Rune Nordpoll.
Han er glad for at den nye legevaktbilen er på plass.
– Det er greitt å sleppe å bruke privatbilar i legevaktarbeid, samstundes handlar det om at vi synleggjer oss.

Ikkje eit utrykkingskøyretøy

Nordpoll understrekar at legevaktbilen ikkje er eit utrykkingskøyretøy, og at den vil bli eit supplement til ambulansetenesta.
– Vi har eit svært kompetent ambulansepersonell, som vi har eit godt samarbeid med. Dette er ikkje ein utrykkingsbil, og den skal brukast til meir planlagde oppdrag og vere eit supplement til tenesta.
– Frå kommunen si side handlar denne investeringa om tilgjengelegheita til legane. Det handlar om å ha ein bil som er klar og som er utstyrt med det ein treng. I tillegg har det vore eit sterkt ønskje frå kontoret. Og eg trur dette kan vere ein fordel med tanke på rekruttering til legekontoret, seier rådmann Jeanett Jensen.
Legevaktbilen er ein Volkswagen Caddy som er foliert i ein lys gul farge med refleksar og påskrifta legevakt.
Han seier det varier kor mykje legane rykker ut, men at ein ser i auke i heimebesøk.
– Vi har dagar der vi ikkje har utrykkingar, og dagar der det er fleire. Men vi ser ei auke i talet heimebesøk. Dette heng saman med at ein ønskjer at eldre skal bu heime så lenge som mogleg, seier Nordpoll.
Les meir om saka hjå Fjordenes Tidende (krev innlogging)