Endra framdrift for ny ambulanseplan

Arbeidet med ny plan for det prehospitale området i Helse Førde tek lenger tid enn fyrst tenkt. Planen vert venteleg slutthandsama på styremøtet 16. desember i år, skriv Sogn Avis.

Det skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Med bakgrunn i innkomne innspel har administrerande direktør Arve Varden bestemt at det skal brukast meir tid på arbeidet med ny plan for det prehospitale området, som omfattar bil-, båt- og luftambulanse, samt AMK.

Varden opplyser at utkastet til ny plan er tenkt sendt på høyring 26. september, etter at det er presentert for ordførarane i eit møte med politisk leiing i kommunane og fylkeskommunen.

Deretter vert det ein høyringsperiode på åtte veker før saka skal takast opp til endeleg avgjerd på siste styremøtet før jul.

– Helse Førde er klar over at denne planen er viktig for kommunane og innbyggjarane. Me vonar tidsplanen me no legg opp til vil gje rom for ryddige prosessar ute i kommunane og at føretaket får tilstrekkjeleg med tid til å vurdera innspela som kjem, seier Varden.

Les meir om saka hjå Sogn Avis

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.