Hopp til hovedinnhold


Får kvile, ikkje overnatte

Sidan 2014 har ambulansepersonellet i Ålesund overnatta på stasjonen truleg i strid med gjeldande regelverk. No er dei litt usikre på kva dei skal gjere, skriv Sunnmørsposten (krev innlogging).

Ambulansetenesta har brukt seks kontor på stasjonen i Lerstadvegen 519 som overnattingsstad for sovande nattevakter, og det har dei gjort sidan dei flytta inn på stasjonen i 2014.
Det er truleg i strid med gjeldande regulering i Ålesund kommune.

I 2014 kontakta Nordvest Næringsbygg AS kommunen for omdisponering av dei seks kontora til soverom. Det fekk dei ikkje, og kommunen sende huseigaren brev om at det var i strid med gjeldande plan. Området er regulert til industri, plasskrevjande varer, forretning og kontor.
Då sende Nordvest Næringsbygg AS opplysingar til kommunen om at det skulle vere mogleg å leggje seg nedpå, men ikkje sovande nattevakt.
Det såg kommunen på som ikkje ei endring frå kontor til soverom, og godtok det med melding om at romma ikkje er godkjente som permanent overnatting.

Men i åra som har gått, har kontora vorte brukt som overnatting for sovande nattevakt, stadfestar klinikksjef for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal, Lars Erik Sjømæling.
– Deler av døgnet er passivvakt, seier han og stadfestar at det gjeld i tidsrommet 20.15– 07.30.

At bruken av stasjonen var i strid med regelverket, kom fram etter at tilsette på stasjonen tok det opp gjennom vernetenesta.

Les meir om saka hjå Sunnmørsposten