Hopp til hovedinnhold


Ørjan Jensen: – Vanskeleg når vi ikkje kan hjelpe meir

Ambulansearbeidar Ørjan Jensen fortel om det vanskelegaste med jobben skriv avisa Firda.

For tida kan du sjå dokumentarserien «Ambulansen» på TV-kanalen Fem, der vi følger ambulansearbeidarane frå Helse Bergen.

– Det beste med serien er at vi får vist fram kva vi faktisk gjer, seier Monica Hauge.

Saman med Jensen er ho ei av dei som figurerer på TV-skjermen kvar veke.

60.000 utrykkingar

For ordens skyld. Det heiter ikkje ambulansesjåførar.

Arbeidet som vert utført av dei som rykker ut med ambulansane vi så ofte ser i bybildet, er så uendeleg mykje meir.

– Kva er det vanskelegaste med jobben?

– Det å rykke ut til ei ulykke der nokon er skada, er greitt å takle, for då veit vi kva vi gjer og får gjort det vi kan. Det verste er å hente ei mor på 30 år for å køyre ho heim for å døy med barna sine. Det er utruleg vanskeleg. For der finst det inga løysning, seier Ørjan Jensen.

60.000 oppdrag i året fortel alt om kor hektisk kvardagen er for ambulansepersonalet i Helse Bergen. TV-serien konsentrerer seg om stasjonen i sentrum og i Fana.

Med 24-timars bemanning arbeider rundt 60 ambulansearbeidarar døgnet rundt for å hjelpe menneske.

Ville seie nei

Monica Hauge hadde eigentleg tenkt å seie nei til å vere ein del av TV-serien.

– Vi fekk ein e-post frå Helse Bergen om å vere med på dette, og eg hadde bestemt meg for å ikkje vere med. Men sjefen vår, Otto Hansen, syntest prosjektet var så bra at han «trua» meg med, seier Hauge og smiler.

Når ho seier trua, så meiner ho det på ein god måte.

– Hehe, ja. Han sa at han ikkje gjekk på ferie før eg hadde takka ja, seier Hauge.

Ho er glad ho blei med.

– Det var ikkje så mange som melde seg frivillig til å vere med i serien, men produksjonsselskapet ville gjere dette til ein serie som viste kva vi faktisk gjer, og då var det viktig å få folk med på laget, seier Otto Hansen.

Du kan lese meir hjå avisa Firda, men det krev innlogging