Hopp til hovedinnhold


– Helsekutta kan gjere møringar til trøndarar

Først tapte Nordmøre sjukehussaka. No står dei i fare for å misse fødeavdelinga lenge før det nye sjukehuset står klart. Opp på dette kan Aure rehabiliteringssenter bli lagt ned. Fleire omtalar dette som gnisten som kan blåse liv i kravet om å ta farvel med Møre og Romsdal som fylke, skriv NRK.
Høgt oppe i lia like nord for Aure sentrum tronar Aure rehabiliteringssenter. Frå senteret oppe i skogkanten er det eit vidt utsyn over holmar og skjær og skipsleia som skil Smøla frå Aure og øyane utover mot Tustna. Ein liten køyretur bak den skogkledde åsen ligg grensa til Trøndelag.
På ein benk i første etasje er Anne Brit Hjelen i full gang med trening saman med fysioterapeut Kaia Hestsveen. Treninga kan sjå enkel ut for funksjonsfriske. Men Hjelen har skifta ledd i både armar og bein. Ho har både revmatisme og parkinson.
– Eg reiser meg opp for å få betre musklar i beina, seier Hjelen og gjentek øvinga gong etter gong.
Hjelen er ein av mange pasientar som får opptrening her. Her er det pasientar med parkinson. Her er folk med revmatisme. Her er pasientar som har vore skadde i ulukker. Nokre har eller har hatt kreft. Andre har plager i nakken og vondt i hovudet. Nokre trenar andre sit på «skulebenken» undervisning for betre å forstå, takle og forbetre helsa.
– Mange av dei som kjem hit har vanskar med å klare seg sjølve heime. Her får dei eit rom, dei får ei seng, dei kan forsyne seg av maten og får ei mindre grunnbelastning enn dei ville få om dei var heime.
Les meir om saka hjå NRK