Hopp til hovedinnhold


Desse tre feila kan vere katastrofale ved ei bilulykke

Du har dårleg tid og festar setebelte under armen til barnet ditt. Den feilen kan bli kritisk dersom du hamnar i ei ulykke, skriv NRK.
– Mange er framleis ikkje klar over kor avgjerande dei små detaljane kan vere dersom du hamnar i ei trafikkulykke, seier Trond Boye Hansen ved Statens havarikommisjon for transport.
Få i Noreg har betre kjennskap til kva som skjer når eit barn blir involvert i ei trafikkulykke. Han har tidlegare forska på barn i bil, der han fungerte som ulykkesgranskar.
– Barn kan tole det utrulege dersom dei er godt sikra. Problemet er at vi for ofte ser feil som får store konsekvensar, seier Boye Hansen.

Beltestol heller enn pute

Inspektøren meiner foreldra bør la barna sitte i beltestol så lenge som mogleg.
– All erfaring tilseier at beltestol er tryggare i visse situasjonar. Dersom barnet sovnar vil god sidestøtte føre til at barnet ikkje fell framover, seier Boye Hansen.
Hos dei mindre barna anbefaler Trygg Trafikk at det sit vendt bakover til 4-årsalderen, men gjerne lenger.
Forsking viser at desse seta beskyttar best under ein frontkollisjon.
Les meir om dei tre feilane mange gjer her