Hopp til hovedinnhold


Undersøkte ikkje dødssjuke John (82) – meiner kona har skulda

Ektemannen hadde livstrugande infeksjon og var ikkje bevisst då kona Tora Hopland fann han åleine på rommet. Sjukeheimen meiner kona har skulda for at det ikkje vart teke prøve av han, skriv NRK
– Det er vondt og forferdeleg at sjukeheimen prøvar å leggje skulda på meg, seier Tora Hopland. Ho er kona til John Hopland (82) som har vore pasient ved Kulaoppen sjukeheim sidan januar 2016.
Nyleg vart det kjent at tilsette ved nettopp Kulatoppen sjukeheim i Vågsøy ved fleire høve hadde klipt av alarmsnora til ein pasient om natta. Dette fordi dei opplevde at pasienten maste. Det var Firdaposten som først omtalte saka. Vedkomande som klipte snora jobbar framleis i omsorgstenesta i kommunen.
I slutten av juli i fjor vart Tora Hopland ringt opp av sjukeheimen. Ho fekk beskjed om at ektemannen var alvorleg sjuk og at ho måtte kome med ein gong. Ho fekk vite at han hadde rykkingar, var veldig sliten og at dei nesten ikkje fekk kontakt med han.

Hadde ikkje tilkalla lege

Tora vart sjokkert då ho fann ektemannen åleine på rommet. Han var medvitslaus og ho kunne ikkje finne ein einaste pleiar.
78-åringen sprang rundt på sjukeheimen før ho endeleg fekk tak i ein pleiar på ei anna avdeling. Då kom neste sjokk. Det var ikkje tilkalla lege. Tora kravde at lege måtte tilkallast umiddelbart.
Ambulansepersonellet mistenkte at John hadde fått slag og tok han straks med til sjukehus. Prøver viste at han hadde ein kraftig øvre urinvegsinfeksjon. Han vart liggande på sjukehus i ni dagar.
Les meir om saka hjå NRK