Akuttbil i tillegg til, ikkje i staden for ambulanse: – Dette har eg trua på

I tre månader framover er det, ved legevakta for Nord-Gudbrandsdalen, stasjonert ein akuttbil klar for å rykke ut til pasientar i heile regionen, skriv Fjuken (krev innlogging).

Mobilt prehospitalt team er eit samarbeidsprosjekt mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetjenesta, der teknologi skal brukast for å styrke samarbeidet.

Prehospitalt team og akuttbilen skal fungere som eit supplement til eksisterande prehospital beredskap – dei ordinære ambulansane. Akuttbilen blir bemanna av ein paramedic eller vidareutdanna ambulansepersonell og legevaktslege ved behov.

Bilen skal rykke ut etter utkall frå legevakt og AMK.

Det heile er eit prosjekt initiert av LMS på Otta, med overlege Bjørn Steinar Storvik og seksjonsleiar Anita Sletten Nuvstad i spissen.

Akuttbilen vil vera i beredskap frå torsdag til sundag og i heile påska. Ressursane til drift og bemanning rekk likevel ikkje til heildøgns beredskap dei dagane bilen er i beredskap.

Akuttbilen er ein såkalla «einreddar», ein ambulanse utan båreplass, og skal rykke ut til pasientar heime.

Bilen er utstyrt med teknologiske hjelpemidlar som gjev moglegheit til å kommunisere via video med legevaktslege under oppdrag heime hjå pasientane.

– Ambulansane har fleire oppdrag til heimar og institusjonar som ikkje er henteoppdrag. Denne bilen vil derfor vera ein god tilleggsressurs, seier Storvik. Ved å sende ut akuttbilen kan vi unngå unødvendige innleggingar og kanskje belastande transport av pasientar, seier han.

Allereie fyrste dagen i drift, hadde paramedic og sjukepleiar Lars Ekre to oppdrag.

– Dette har eg trua på. Bilen er topp utstyrt, og via video kommuniserte både pasient og eg med legen, og fekk gjeve nødvendig hjelp.

Les meir om saka hjå Fjuken (krev innlogging)

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.