Hopp til hovedinnhold


Hovudredningssentralane manglar folk: – Svært urovekkande

Gjentatte gonger har dei to hovudredningssentralane bede regjeringa om fleire stillingar. No er dei uroa for framtida om ikkje pengane kjem på bordet, skriv NRK Hordaland.

Årsrapporten 2018 for hovudredningssentralane (HRS) vart offentleggjort onsdag. Der er det klar tale frå leiinga.
Dei understrekar at dei treng fleire folk i det operative støtteapparatet for å «sikre en fortsatt forsvarlig ivaretakelse av Hovedredningssentralenes samfunnsoppdrag.»
Dei to politimeistrane som er leiarar for HRS Nord og HRS Sør skildrar korleis redningsleiarane som har døgnkontinuerleg vakt blir pålagt for mange arbeidsoppgåver:

  • Redningsleiarane kan ikkje fullt og heilt konsentrera seg om jobben med å koordinera og styra pågåande redningsaksjonar.
  • Dei same folka må også jobba med langsiktige samarbeidstiltak mellom naudetatane og frivillige organisasjonar.

Ekstraoppgåver gir press

For fire år sidan vart hovudredningssentralane pålagt eit såkalla pådrivaransvar overfor alle instansar som er involvert i redningstenesta.
– Styremaktene har avgjort at me skal vera ein pådrivar for samvirket mellom dei offentlege, private og frivillige delane av redningstenesta. Me kunne gjort den jobben betre om me hadde fleire folk, seier politimeister Hans Vik i Sørvest politidistrikt til NRK.
Han er ansvarleg for HRS på Sola.
– No må både redningsleiarane som går vakt, og me i administrasjonen, ta den oppgåva. Det blir meir press på personellet, og mindre effektivt. Dette er eit ressursbehov me har diskutert med Justisdepartementet ein del gonger og no igjen minner om, seier Vik.
Les meir om saka hjå NRK