Meiner lokaliseringa av ambulansebåten har ført til tap av menneskeliv

Ambulansetenesta kjem med eit oppsiktsvekkjande utspel: Lokaliseringa av ambulansebåten har resultert i dødsfall, skriv Vestlandsnytt (krev innlogging).

– Det har ved eire høve vore dokumentert at utrykkingstida i dag er for lang, og dette har også ført til tap av menneliv ute på øyane.

Slik heiter det i eit innspel frå ambulansetenesta i Sande til helseføretaket og rådmannen.

Her vert det slått fast at lokalisering av ambulansebåt utan fast ambulansepersonell «utan tvil må vere på Larsnes».

– Taper 15 – 20 minutt

I dag er ambulansebåten fast stasjonert på Kvamsøya om natta. For å hente ambulansepersonell må båten difor over fjorden til Larsnes først, og deretter utover igjen til Voksa, Sandsøya eller Kvamsøya.

– Ved lokalisering på Larsnes kan utrykkingstida til øyane kortast med om lag 15–20 minutt, heiter det frå ambulansetenesta. Dei syner også til at lokaliseringsspørsmålet tidlegare har vore diskutert med legane i Sande, og ai dei fullt ut støttar spørsmålet om å ytte lokaliseringsstad til Larsnes.

– Dette kjem alle til gode, både fagleg og med tanke på tryggleiken for folket på øyane, skriv ambulansetenesta.

Ut på anbod igjen

Det skal no førebuast nytt anbod for ambulansebåtdrifta i Sande, eit tilbod som elles også skal vere tilgjengeleg for resten av regionen ved behov. I denne samanheng har ambulansete- nesta i Sande også ein del andre innspel.

Særskilt knyter det seg utfordringar til ombordlasting av bårepasientar. Både på Kvamsøya og Voksa vert det føreteke slik lasting via baugen og frå sjølve ferjekaia.

– Dette er absolutt ikkje ønskjeleg fordi det medfører stor risiko både for pasientane, oss sjølve og medisinsk utstyr, heiter det frå ambulansetenesta. Dei omtalar ei slik lasting om lovstridig, ifølgje Sjøfartsdirektoratet.

Deira konklusjon er at alle kaier skal vere godkjende for føremålet, og ferjekai skal nyttast berre i naudtilfelle.

Ønskjet er å laste pasientar inn sidevegen frå ei brygge utan betydeleg nivåforskjell. Ambulansetenesta har elles no- kre innspel kring korleis dagens tre ambulansebåtkaier funge- rer/ikkje fungerer.

– Må dokumenterast

Dagleg leiar Jarle Støylen i Sande Båtutleige AS seier seg svært overraska over delar av innhaldet i ambulansetenesta sitt innspel til helseføretaket.

– At lokaliseringa har ført til tap av menneskeliv er ein påstand som må dokumenterast, seier leiaren for selskapet som driv ambulansebåten.

– Det har verken selskapet eller mannskapet kjennskap om, legg han til. Heller ikkje når det gjeld utrykkingstida er Støylen på linje med det ambulansepersonellet seier:

– Skilnaden i utrykkingstid, vel å merke når båten ligg på Kvamsøya, er åtte – ni minutt. Det har også skjedd ofte at båten har gått til Larsnes, for så å måtte vente på at ambulansepersonellet kjem, legg han til.

Les meir om saka hjå Vestlandsnytt (krev innlogging)

Print Friendly, PDF & Email

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.