Hopp til hovedinnhold


Arbeidstilsynet seier nei – Får ikkje lov til å byrja bygging av Helsehuset med ambulansestasjon

Det dei har reagert på er i hovudsak knytt til plassering av og utforming av lokale for ambulansestasjon, skriv Avisa Nordhorland (krev innlogging).

Dei skriv i eit brev til Lindås kommune at utforming og plassering av ambulansestasjon vil slik dei ser det vera av vesentleg betydning for utforming av byggets fyrste etasje og må slik sett vera planlagt ut ifrå Arbeidsmiljølovas krav, før det vert lagt til rette for oppstart av denne delen av bygget.

Dei ønsker med bakgrunn i dette og enkelte manglande opplysningar ikkje å gje samtykke til råbygget på dette tidspunktet.

Det dei har peika på er at dei manglar opplysningar om talet på tilsette som skal arbeida og opphalda seg på stasjonen. Arbeidstilsynet peikar og på at kontorarbeidsplassar med dagslys og utsyn åtskilt frå kvilerom eller andre funksjonar manglar.

Dei har og peika på at det er trong for eit tydeleg skilje mellom rein og urein sone, der det skal vera tilgang til vaskerom frå garasjen for ureint arbeidstøy og at det trengst ein kjønnsdelt urein garderobe, dusj og rein garderobe for ambulansepersonell med direkte tilkomst frå garasje. Det må og vera tilstrekkeleg lagring for arbeidstøy av ulik art og skotøy.

Det vert og peika på at soverom for ambulansepersonell med eige dusj/toalett er vanleg standard i nye stasjonar i dag og at desse skal ha moglegheiter for lufting.

Les meir om saka hjå Nordhorland (krev innlogging)