Hopp til hovedinnhold


Naudnettet fungerte ikkje då bygda var i krise – feilen skuldast dieselmangel

Då bygda vart fullstendig isolert skulle det prestisjefylte naudnettet vere redninga for Geiranger. Slik gjekk det ikkje, skriv NRK.

– Det skal ikkje gå an. Eg blir matt. No må nokon ta tak og få rutinane på plass, seier Frank Sve, styreleiar i Åknes/Tafjord Beredskap IKS og Framstegspartiet sin gruppeleiar på fylkestinget i Møre og Romsdal.
Naudnettet har kosta Norge mellom seks og sju milliardar kroner.
Likevel viser det seg at det framleis ikkje alltid fungerer når det skal.
Måndag 14. januar gjekk alt gale i bygda Geiranger i Stranda kommune på Sunnmøre.
Bygda vart isolert som følgje av eit ras. Dessutan forsvann både straumen, internett og mobilnettet.
Då skulle naudnettet vere redninga for at innbyggjarane i Geiranger kunne gi eller ta imot viktige beskjedar frå omverda.
Men heller ikkje naudnettet viste seg å fungere, noko som fekk Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) til å reagere sterkt.
– Systemet er ikkje godt nok. Det er veldig spesielt at ein allereie etter første stormnatta i det nye året opplever at naudnettet ramlar ut, sa Tryggestad.

Tomt for diesel

No viser det seg at feilen skuldast at dieselaggregatet som skulle halde i gang den eine basestasjonen i bygda rett og slett gjekk tom for drivstoff og slokna. Det skjedde 11 dagar før krisesituasjonen 14. januar. Likevel vart det ikkje gjort noko med det.
At noko slikt skulle skje har sjokkert mange, ikkje berre Frank Sve og Jan Ove Tryggestad. Berre i januar har 1,5 millionar samtalar blitt gjennomførte gjennom naudnettet.
– Naudnettet er veldig viktig for oss. Det er der vi får alle typar varsel når vi er på oppdrag, seier Stein Roger Lidal, ambulansearbeidar i Helse Møre og Romsdal.

– Ein uønskt situasjon

Tysdag møttest fleire sentrale aktørar på Stranda for å evaluere kva som hadde skjedd i Geiranger frå 14. til 15. januar. Einigheita var stor om at ein ikkje kan oppleve liknande fadesar fleire gonger.
– Dette var ein heilt uønskt situasjon som skuldast fleire uheldige hendingar. Det er bra vi får vite om slike episodar slik vi kan gjere noko med problemet, seier direktør Cecilie Daae i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som var blant dei frammøtte.
Les meir om saka hjå NRK