Hopp til hovedinnhold


I dag vedtek styret omstridd spareplan

I dag skal Helse Møre og Romsdal vedta dei største innsparingane helseføretaket nokon gong har gjennomført i det turbulente livet til denne sjukehusdrivaren. Frå skipinga i 2011 har Helse Møre og Romsdal vore på etterskot med økonomien kvart einaste år, skriv NRK Møre og Romsdal.

Ambulansestasjonane i Møre og Romsdal har svært ulikt aktivitetsnivå. I planen som er lagd fram ligg det forslag til innsparingar på 5 millionar kroner blant anna ved å slå saman ambulansestasjonar med liten aktivitet.
På tre år skal føretaket kutte 471 millionar kroner i drifta. 200 millionar kroner skal takast i 2019. Kutt på 69 millionar kroner er alt vedtekne. No handlar det om dei resterande 131 millionane.
Spareforslaga har skapt storm i heile Møre og Romsdal. I Ørskog protesterte folk mot forslaget om å legge ned psykiatrisk sengepost ved Sjøholt. Sjukepleiarstudentar sa dei var blitt i tvil om det var verd å søke jobb ved Helse Møre og Romsdal. Psykologane protesterte og meinte utviklinga var i strid med «Den gylne regelen». Så kom demonstrasjonstoga, først i Aure, så i Kristiansund og deretter i Ålesund. No er det også varsla demonstrasjonar i Romsdal.

Slik skal Helse Møre og Romsdal spare

Helse Møre og Romsdal skal arbeide for å få ned sjukefråver, redusere overtid og få større kontroll med innleige av vikarar. 42,5 millionar kroner skal helseføretaket hente på å redusere meirtid ned til 2015-nivå.
Føretaket legg opp til ein meir effektiv måte å bruke sengepostane på. Berre på dette området er tanken å spare 30 millionar kroner. Her har blant andre revmatikarane protestert, fordi den vesle sengeposten for denne pasientgruppa kan forsvinne.
Møre og Romsdal har rehabiliteringssentra i Aure og på Mork i Volda. 10 millionar kroner kan ifølgje administrasjonen hentast på å gå over til ambulante tenester i Volda og å samle rehabiliteringskapasiteten ved sjukehusa. Desse forslaga har møtt motstand både i Aure, i Volda og frå organisasjonen LHL.
Blant innsparingstiltaka på 4 millionar kroner ligg forslaget om å legge ned ein sengepost ved distriktspsykiatrisk senter i Ørskog. Så seint som i går onsdag besøkte Senterpartiets helsepolitiske talsperson, Kjersti Toppe senteret. Også Sylvi Listhaug som sit i Helse- og sosialkomiteen i Stortinget for Frp, har markert ei sterk uro mot dette forslaget.
I lang tid har helseføretaket hatt planar om å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Helseføretaket har rekna ut at ei slik samling kan gje innsparingar på 10 millionar kroner. Forslaget er blant dei som har vekt mest harme i området.
Les meir om saka hjå NRK