«113-terror» eitt av mange tiltalepunkt

Lunddølen som dei siste tre åra har ringt 113 utan grunn cirka 1.200 gonger, må møta i retten. Han er bare tiltalt for eitt tilfelle av misbruk av 113-nummeret, men til gjengjeld seks andre straffbare handlingar, skriv Dalane Tidande (krevinnlogging).

Siste: Slutt på hundrevis av utrykninger til samme person – ny ambulanseveileder har gitt effekt

Les mer om saken: Misbruk av nødnummer har ført til ny prosedyre ved Sørlandet sykehus

Bakgrunn: Hundrevis av falske utrykninger til samme person har gjort ambulansearbeideren syk

Tidligere: Ambulansen rykker ut flere hundre ganger til én person: – Folk i bygda rister på hodet

Lunddølen i 60-åra er ifølgje Avisen Agder bare tiltalt for eitt tilfelle av misbruk av nødsignal fordi bevisbiletet tilseier det. Men reint faktisk dreier det seg om langt over tusen tilfelle av tilkalling av ambulansen på falskt grunnlag.

Ifølgje det aktuelle tiltalepunktet fekk mannen med forsett eller på grunn av grov aktløyse ambulansen i Flekkefjord til å rykkja ut til heimen sin ved falsk melding i september 2018. På telefonen fortalde lunddølen då at naboen hadde prøvd å ta livet av han, og at han heldt på å blø i hel mens naboen hadde stukke frå staden.

Truslar og overgrep

Avisen Agder sin gjennomgang av dei seks andre tiltalepunkta viser at desse i stor grad handlar om truslar, men òg seksuell handling. I oktober 2017 trua tiltalte ein lege med at han skulle banka han opp fordi legen avviste at tiltalte hadde behov for å bli tatt med til legevakta av ambulansen som hadde rykt ut til heimen hans.

I april 2016 utsette han ein sjukepleiar som skulle ta røntgen av han på legevakta, for ei seksuell handling. Han tok henne i skrittet og på brysta. Og i dei to åra frå januar 2016 til januar 2018 skjelte han stadig ut og oppførte seg skremmande og truande overfor legar og sjukepleiarar på legevakta i Flekkefjord.

Han skal òg over tid ha trua og opptredd hissig og svært ufint overfor tilsette på kommunehuset i Lund.

«Ferdig som rådmann og menneske»

Rådmannen i Sirdal skal ha blitt oppringt av mannen og fått beskjed om at han ville vera ferdig både som rådmann og menneske dersom han skreiv noko meir om ambulansen i Sirdal.

Og politiet fekk servert brøling, bannskap, truslar og slag mot politibilen då mannen i november 2017 skulle setjast inn i bilen for å kjørast frå legevakta i Flekkefjord til arresten i Kristiansand.

Les meir om saka hjå Dalane Tidande (krever innlogging)

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.