Ungdomsråd krev lovfesta responstid for ambulanse: – Det står om liv og død

Hardanger ungdomsråd meiner det er sprøtt at det ikkje får konsekvensar når ambulansen brukar dobbelt så lang tid som anbefalt, skriv Framtida.no.

– Det er mange døme på at responstida har vore på både 50 og 60 minutt. Då står det om liv og det er ikkje akseptabelt, seier avtroppande leiar i Hardanger ungdomsråd Tiril Eiken (18).

Framtida.no møter Hardanger ungdomsråd på veg inn på Stortinget tysdag denne veka. Der skal dei møta Hordalandsbenken for å snakka om ambulansetenesta i distrikta, som dei er svært uroa for.

I mai skreiv ungdomsrådet eit brev til stortingsrepresentant Terje Breivik (V)der dei ber om at den anbefalte responstida for ambulansar vert lovfesta. Brevet vart òg sendt til Senterpartiets Kjersti Toppe, Helse Vest, Helse Bergen, Helse Fonna og alle ordførarane i Hardanger.

Den anbefalte responstida for ambulansane er i dag 25 minutt på bygda og 12 minutt i byen.

Fryktar for rekrutteringa til brannvesenet

– Om ulukka først er ute, så veit ein jo ikkje kor lengje ein må sitja der med den skadde og venta på at ambulansen skal koma, seier Oda Medhus (15) frå Eidfjord ungdomsråd.

Ho meiner ambulansen burde vere først på staden når det er personskadar, men det er sjeldan tilfelle i dag.

Senterpartiforslag nedstemt

15. november i år behandla Stortinget eit representantforslag frå Senterpartiet om å forskriftsfesta responstida til 8, 12 og 25 minutt som er anbefalingane frå Akuttutvalet.

Forslaget fekk støtte frå KrF, MDG, Raudt og SV, medan Arbeidarpartiet saman med regjeringspartia Frp, Høgre og Venstre stemte imot.

Stortingsrepresentant frå Hordaland og nestleiar i helse- og omsorgskomiteen, Kjersti Toppe, var ein av representantane bak forslaget.

Ho meiner lovfesta responstid for ambulansane er veldig viktig for å hindra ei vidare sentralisering av tenesta.

– I dag er det rettleiande responstider for ambulanse. Problemet er at ingen helseføretak bryr seg særleg om dei. For det er knapt ein kommune der dei blir følgt opp. Verst meiner eg det er i distriktskommunar, der det også er lang veg til sjukehus. I Hardanger har dei merka denne saka, med nedlegging av ambulanse i Ulvik, Granvin, Jondal, svekka ambulanseberdskap i Kvam, og at ambulansen i Eidfjord er truga, skriv Toppe i ein e-post til Framtida.no.

Sjølv om dei ikkje fekk fleirtal for lovfesta responstider, vart det fleirtal for eit forslag om å få ei eiga stortingsmelding om akuttberedskap utanfor sjukehus.

– Eg håpar at forslaget om responstider vert tatt opp igjen då, at vi igjen kan prøve å få fleirtal for dette forslaget, avsluttar Toppe.

Flyttar ambulansane

Ungdomsrådet i Hardanger har jobba med denne saka over tre år fordi dei har sett på nært hald korleis ambulansar i nærområdet har vorte lagt ned og sentralisert.

I 2016 intervjua Bergens Tidende ein bekymra ordførar, etter at ein pasient hadde døydd berre to veker etter at ambulansen vart flytta frå bygda.

I fjor skreiv Avisa Hordaland at beredskapen i Ulvik kommune går feil veg. Avisa siterer ein rapport som viser at helsepersonell i Ulvik er lite nøgd med ambulansetenesta, fordi responstida er for lang. Om det er behov for ambulanse kjem denne anten frå Voss eller Eidfjord og ifølgje kommunen sine tal er utrykkingstida frå Voss 40 minutt.

Vil ha kvantitet over kvalitet

Då Hardanger ungdomsråd hadde saka oppe på sist ungdomsting hadde dei besøk av ein representant frå Helse Bergen, som forklarte at dei har brukt pengar på å oppdatere ambulansane dei har framfor å kjøpa fleire.

– Dei tenkte kvalitet framfor kvantitet, men at dei har gode ambulansar hjelper jo ikkje om dei ikkje kjem tidsnok, meiner Oda Medhus, som får støtte av resten av ungdomsrådet.

Les meir om saka hjå Framtida

Print Friendly, PDF & Email

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.