Hopp til hovedinnhold


Eldre mann fekk hjerneslag på sjukeheim – men ingen av sjukepleiarane slo alarm

Trass i at den eldre mannen hadde alle dei klassiske symptoma på eit alvorleg hjerneslag, slo ingen av sjukepleiarane alarm. Det er klart brot på rutinane og kunne kosta mannen livet, skriv NRK Møre og Romsdal.
Dei tre sjukepleiarane som jobba på sjukeheimen reagerte på at mannen i 70-åra var ulik seg, snakka utydeleg, hadde skeiv munn og også nedsett kraft i armen. Men trass i at dette er dei mest kjende symptoma på hjerneslag, slo ingen av dei alarm. Det er klart brot på nasjonale retningsliner og kommunen sine eigne rutinar og kunne i verste fall kosta mannen livet.
– Det er fullstendig forkasteleg, dei burde vite at her tel minutta, seier Kjell Inge Skarbø, som er leiar i Norsk forening for slagrammede.

Dottera måtte ta affære

Men først etter nesten eitt døgn kom den eldre mannen til behandling på sjukehus. Då hadde dottera etter kvart blitt ringt opp, og forlangte at sjukeheimen kontakta lege.
Slaget skal ha skjedd i 22.30-tida ein laurdag kveld, og i løpet av natta og dagen etter har pleiarane notert i journalen at han kom ut i korridoren mange gongar, verka ulik seg, snakka utydeleg og hadde skeiv munn. Ein av dei skreiv også "Antagelig et lite drypp" (eit forbigåande anfall av nedsett blodforsyning til deler av hjernen,red.anmk), men gjorde likevel ingenting.
Kommunalsjefen i romsdalskommunen seier saka er alvorleg og har ført til at dei går gjennom rutinane ved jamne mellomrom.

Brot på helsepersonellova

Fylkeslegen har granska saka frå i fjor haust og konkluderte nyleg med at alle dei tre sjukepleiarane som var involvert i saka har brote helsepersonellova § 4. I rapporten frå fylkeslegen kjem det fram at pleiarane skal ha forklart at legen var på ferie og at det var lang ventetid på legevakta, men fylkeslegen konkluderer med at det ikkje burde hindra dei i å ta affære.
Les meir om saka hjå NRK